Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Inviterer til ny dialogkafé

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal inviterer alle som er involverte i brukarorganisasjonar, pasientorganisasjonar eller andre interesserte til dialogkafé og samarbeid rundt pasient/brukar- og pårørandeopplæring tysdag 5. september 2023.

Publisert 29.06.2023
Sist oppdatert 11.12.2024

Vi er veldig glade for at vi har kome i gang med ein slik møtestad, seier teamkoordinator i Lærings- og meistringssenteret (LMS), Astrid Ljøkjell Solem. For ​LMS er eit godt samarbeid med brukarorganisasjonar og brukerutvalet/ungdomsrådet viktig. Vi arbeider med brukarmedverknad på fleire måtar og inviterer igjen til dialogkafé, etter positive tilbakemeldingar og god dialog ved førre dialogkafe i Ålesund i februar. 

No inviterer vi på nytt til dialogkafé, denne gongen ved Kristiansund sjukehus.
Tema for komande dialogmøte vil vere oppsummering fra forrige dialogmøte, samarbeid om korleis ein kan få brukerorganisasjonar synleggjort i sjukehusa, introdkusjon til innbyggarprotalen HelsaMi og vegen vidare. Vel møtt til alle som ynskjer å delta! Du treng ikkje å ha delteke på førre dialogkafé for å ha utbytte av ettermiddagen.

Tid: Tysdag 5. september 2023 kl. 16.30 - 19.00
Stad: Kristiansund s​ykehus (Auditoriet)

Det vert servering av kaffe, te og enkel kaffemat. 

For påmelding til dialogkaféen send e-post til rådgivar Monica Hoem ved LMS (Kristiansund) på e-post: Monica.renate.hoem@helse-mr.no
Påmeldingsfrist innan 25. august.​

Nyttige lenker

Oversikt over ulike kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande i HMR

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg