Pasient- og pårørandeopplæring våren 2023
Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for brukarar, pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper. Sjekk ut tilboda som er tilgjengelege.
Ulike tilbod for ulike diagnosegrupper
Svært mange avdelingar tilbyr oppfølging gjennom kurs og gruppeopplæring. Målet med opplæringa og lærings- og mestringstilbod er at ein skal lære korleis ein kan meistre kvardagen betre med ulike helseutfordringar. Å vite om kva for tilbod som fins er viktig for brukarar/pasientar og pårørande samt relevante brukarorganisasjonar. Det er også viktig for helsepersonell og behandlarar som kan tilvise brukarar til tilboda. I kurskatalogen på nett finn du dei fleste tilboda i fylket samla:
Kurskatalog
Teamkoordinator Astrid Ljøkjell Solem ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) er nøgd med at ein har klart å oppretthalde god kursaktivitet i 2022 og samstundes også prioritere arbeid med å utvikle og breidde tilbod. Eit døme på dette var Stoffskiftekurs frå Molde som i juni vart sendt digitalt til alle dei andre sjukehusa samstundes.
Klikk her for meir informasjon om pasient og pårørandeopplæring
Du kan også følge LMS på Instagram: lms_hmr
Ei hovudoppgåve
Opplæring av pasientar og pårørande er ein av helseføretaka sine fire hovudoppgåver. I nasjonale helseplanar og i Helse Midt-Norge sin strategi fram mot 2030 leggast det til rette for at pasientane i større grad har moglegheit for å verte ein del av behandlingsteamet. Pasientar og pårørande må då få informasjon og opplæring som gjer dei i stand til å meistre eigen sjukdom og situasjon.
Lærings- og meistringssenteret arbeider for å gjere opplæringstilbod kjent og utvikle likeverdige læringstilbod i samarbeid med brukarar og helsepersonell. Ein arbeider også for at tilbod skal bli ein integrert del av ulike pasientforløp.