Du får stadfesta at du er gravid på grunnlag av manglande menstruasjon, positiv graviditetstest og gynekologisk undersøking. Dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet er det viktig at du tar kontakt så tideleg som mogeleg. Du treng ikkje tilvising frå fastlege, men kan ta direkte kontakt med gynekologisk avdeling på sjukehuset.
Når du tar kontakt med lege, helsestasjon eller sjukehus vil dei spørje om datoen for første dag i siste menstruasjon. Lov om svangerskapsavbrot gir deg rett til å bestemme om du vil avbryte svangerskapet innan utgangen av veke 12. Hugs at 12 veker betyr frå første dag ved siste menstruasjon. Dersom denne tida begynner å nærme seg, må du informere legen om det for at du skal sleppe å vente på time. Etter 12. svangerskapsveke må søknad om abort bli behandla av ei abortnemnd.