Det som skjer ved blodtrykksmåling er at barnet får ein mansjett festa på overarma, som regel på den høgre. Vidare forløp er avhengig av kva for målemetode som blir brukt.
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Ved automatisk metode blir det trykt på ein knapp og mansjetten strammar på overarma før lufta blir sleppt ut. Ved manuell måling pumpar den som måler luft inn i mansjetten ved hjelp av ei handpumpe. Så blir lufta sleppt sakte ut av mansjetten medan det blir lytta på arma med eit stetoskop.

Foto: Haukeland universitetssjukehus
Konseptet med blodtrykksmåling er å blåse så mykje luft inn i mansjetten at den klemmer pulsåra i overarma saman slik at ikkje noko blod slepp gjennom. Når så lufta sakte blir sleppt ut kan den som måler høyre når blodet strøymer gjennom pulsåra igjen. Det første «dunket» som ein kan høyre er overtrykket, medan undertrykket blir registrert når lyden forsvinn.
Gjer det vondt?
Dei fleste barn opplever ikkje målinga som smertefull, men det kan vere ubehageleg, spesielt når lufta blir sleppt sakte ut av mansjetten. Det er viktig at barnet er roleg under målinga og sit stille. Dersom barnet er uroleg hjelp det ofte å avleie med til dømes ei bok eller ein filmsnutt på mobilen til føresette.
Blodtrykket blir ofte målt fleire gongar etter kvarandre med nokre minutt mellom kvar måling, for å få eit så rett resultat som mogleg. Ei måling tek stort sett under eit minutt.