HELSENORGE
Kreftpoliklinikken Ålesund

Cellegiftbehandling ved Ålesund sjukehus

Cellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisinar som brukast for å behandle sjølve kreftsjukdommen. Cellegift øydelegg kreftcellene. Også friske celler blir skada, derfor opplever mange ulike biverknadar av cellegift.

Innleiing

Målet med cellegiftbehandlinga avheng av sjukdommens stadium:

  • Kurativ behandling har som mål å kurere sjukdommen
  • Livsforlengande behandling har som mål å forlenge livet
  • Symptomlindrande behandling har som mål å lindre plagsame symptom
Kor lenge og kor mykje vi skal behandle sjølve kreftsjukdommen, er ofte ei vurdering. Dine ønske og kunnskap om sjukdommen er vesentleg å ta omsyn til. Allmenntilstanden din har stor betydning for kva behandling du bør få. Nokre gangar må vi starte behandlinga for å sjå korleis den virker på deg og kreftsjukdommen. Informasjon frå deg og dine pårørande, samt dialog mellom deg og legen, er avgjerande når vi skal planlegge, starte og avslutte den vidare behandlinga. Du får informasjon om kva som er hensikta med behandlinga som blir tilbydd.


Ved Ålesund sjukehus får ein del av pasientane over 70 år, som skal vurderast for ny cellegiftbehandling, tilbod om brei geriatrisk vurdering

Brei geriatrisk vurdering

Brei geriatrisk vurdering er ei tverrfagleg kartlegging av forhold som kan påverke funksjonar og sjukdomsforløp i dagleglivet. 
  
Inkluderer vurdering av: 
  • sosiale forhold 
  • tidlegare sjukdommar 
  • aktuell somatisk sjukdom 
  • ernæring/vitaminmanglar/vekt 
  • fysisk funksjonsevne og gangfunksjon 
  • kognitiv funksjon 
  • psykisk sjukdom 
  • medikamentsbruk  
Ut i frå ei heilskapleg vurdering ser vi om vidare behandling kan justerast og om det er mogeleg å sette inn tiltak. Målet med undersøkinga er å gi riktig, persontilpassa behandling for å sikre best mogleg livskvalitet, unngå unødvendige biverknader, vidare komplikasjonar og overbehandling med cellegift.

Tilvising og vurdering

Cellegiftbehandling er alltid føreskrive av lege, men sjølve cellegiftkuren får ein av sjukepleiar. Behandlinga blir gitt både på poliklinikkar og ved innlegging på sjukehus.

Før

Før kuren startar må du ta blodprøvar. Dette gjer du oftast same dag eller dagen før. Ved enkelte typar cellegiftkurar skal du også ta EKG før første kur. 

Vi anbefaler å ete eit lett måltid før cellegiftbehandlinga. 

Under

Vanlegvis får ein cellegiftkurane intravenøst, det vil seie gjennom ei blodåre. Ved utvalte kreftsjukdommar kan cellegift også setjast direkte i urinblæra eller i ryggmargsholrommet. Cellegift som tablettar eller kapslar svelgast heile med rikeleg drikke. Varigheita av ei cellegiftbehandling kan variere frå nokre minutt til fleire dagar. Intervallet mellom kurane er vanlegvis ei til fire veker.

Ein cellegiftkur kan bestå av ulike typar cellegift som ein får fortløpande etter kvarandre. Nokre kurar krev innlegging på sengepost, men ofte kan ein få ein slik kur på poliklinikkane.

Etter

I samband med cellegiftbehandling er det viktig med god hygiene, fordi nedbrytingsprodukta blir skylt ut gjennom slimhinner, urin, avføring og oppkast. Dette gjeld særleg det første døgnet etter avslutta kur. Her følger nokre generelle råd:

  • Vask hendene godt med varmt vatn og såpe etter toalettbesøk

  • Bruk papir for å tørke opp eventuelt søl, vask deretter med vatn og såpe

  • Kast bind og bleier i ein eigen plastpose

  • Vask klede og sengeklede som blir tilsølt med ein gong

  • Ved seksuell kontakt bør ein bruke kondom


Ved å følge desse forholdsreglane kan du trygt vere i lag med andre akkurat som før – også barn og gravide. Nærkontakt med personar som har symptom på infeksjonssjukdom bør ein derimot unngå.

Ernæring under cellegiftbehandling

Behandling med cellegift kan gi dårleg matlyst. Dersom du har vedvarande nedsett matlyst over fleire dagar er det viktig at du kontaktar sjukepleiaren din eller ein annan kontaktperson på sjukehuset. Det er viktig at du drikk godt, minimum to liter væske dagleg. Dette fordi mange cellegifttypar og deira nedbrytingsprodukt blir skylt ut med urinen. Rikeleg inntak av væske kan òg førebygge kvalme.

Energirike drikker og vatn er bra. Når det gjeld mat, er det ofte lettare å få i seg kald enn varm mat, salt mat i staden for søt mat og flytande i staden for fast. For eksempel kan salat og brød, eggerøre og røykalaks eller tomatsuppe smake godt.

Det kan også vere lurt å spe på med næringsrike mellommåltid, som ost, tørka frukt, nøtter og næringsrik drikke. Det finst ulike typar næringsdrikke som du kan få på resept eller kjøpe på apoteket. Du kan også tilsetje næringspulver i matlaginga. Sjå også eigne brosjyrar for meir informasjon om ernæring.
Forsøk å lage appetittvekkande og innbydande måltid, men ver oppmerksam på at cellegiftbehandling ofte fører til at maten smakar annleis enn før.

 

Biverknader og komplikasjonar

Cellegiftbehandling gir ofte fleire biverknader fordi behandlinga også påverkar dei normale cellene i kroppen. Intensiteten og varigheita av biverknadene avheng av type cellegiftkur og varierer frå person til person.

Auka risiko for infeksjonar

Dei fleste cellegiftkurane gir nedsett beinmargsproduksjon av raude og kvite blodlekamar (celler), samt blodplater. Talet på kvite blodlekamar minkar etter behandlinga. Dette oppstår oftast fem til 15 dagar etter kuren og er avhengig av kva slags kur du har fått. I denne fasen er ein ekstra utsett for infeksjonar. Unngå difor nærkontakt med menneske som tydeleg har symptom og teikn på infeksjon. Cellegiftbehandlinga kan redusere nivået av blodplater, som kan medføre auka blødingsfare. Etter langvarig behandling kan også produksjonen av raude blodlekamar bli redusert, og blodoverføring kan vere aktuelt.  

Alle desse biverknadene som påverkar beinmargen er forbigåande og det er ingen praktiske ting du kan gjere for å betre denne tilstanden. I utvalte tilfelle er det aktuelt å gi medisinar som stimulerer produksjonen av kvite blodceller.

Kvalme og brekningar

Fleire cellegiftkurar kan gi kvalme og brekningar. Ubehaget kjem ofte nokre timar etter avslutta behandling og kan vare i eitt til fire døgn etter siste behandlingsdag. Dei siste åra har vi fått veldig effektive kvalmestillande medikament mot kvalme som skuldast cellegift. Det er derfor svært viktig at du tar slike medikament som er føreskrive av legen din på sjukehuset. Psykiske faktorar som stress og angst kan også påverke opplevinga av kvalme. Berre tanken på neste kur kan vere nok til å utløyse brekningar hos enkelte. 

Slappheit

Slappheit er ein vanleg biverknad av cellegiftbehandling dei første eitt til tre døgna. Slappheita går gradvis over dei neste dagane.

Håravfall

Nokre cellegiftkurar kan føre til at ein heilt eller delvis misser håret på hovudet og at kroppshår blir tynna ut. Dette skjer vanlegvis etter ein til to kurar. Håret kjem gradvis tilbake etter avslutta behandling. Trygdekontoret gir økonomisk støtte til parykk og hovudplagg når pasienten har attest frå lege.

Smerter

Nokre få cellegifter kan gi kortvarige smerter i armen fordi det oppstår ein irritasjon av blodåreveggen. Andre cellegifter kan skade normalt bindevev og muskulatur dersom cellegift kjem utanfor blodåra.

Feber

Enkelte cellegiftkurar gir feber nokre timar etter behandlinga. Dette er ein normal reaksjon, og er ikkje farleg. Det er på den andre side svært viktig å vere oppmerksam på feber som oppstår mellom kurane, då dette kan vere det første teiknet på ein livstruande infeksjon. Ved feber over 38 gradar mellom kurane må lege kontaktast med ein gong.

Skade på slimhinner

Fleire cellegifter kan forårsake slimhinnebetennelse i munn og svelg, tarmar, magesekk, urinblære og underlivet hos kvinner. Betennelse i munnslimhinna kan gi smerter ved tygging og svelging av mat og dermed nedsett matlyst. Sår i magesekk og tynntarmens slimhinner kan oppstå. Sårheit i blæreslimhinna kan medføre svie ved urinering, samt hyppig vasslating, og sårheit i skjeden kan gi smerter ved samleie. Det er vanleg at såra lækjer seg sjølve etter nokre dagar og i god tid før påfølgande cellegiftbehandling.

Påverknad av kjønnskjertlar

Under behandlinga kan kvinner få uregelmessig menstruasjon, eller den kan stoppe heilt opp. Likevel bør kvinner bruke prevensjon både i behandlingsperioden og i cirka eitt år etter behandling er avslutta, på grunn av risiko for skadar på eggcellene under behandlinga.

Produksjon av sædceller hos menn blir påverka og dette gjer at befruktningsevna kan bli nedsett. Menn bør også bruke prevensjon for å hindre overføring av skada sædceller til partnaren. Graden og varigheita av nedsett befruktningsevne er først og fremst avhengig av alder. Dess yngre ein er, dess betre er sjansen for å bevare befruktningsevna.

Skade på nervar

Det kan oppstå forbigåande skade på små nerveforgreningar, som kan gi ei kjensle av at tær og fingertuppar dovnar bort og er kalde.  Slike bivirkverknader forsvinn vanlegvis innan nokre veker til månader etter avslutta behandling. I nokre tilfellar vil du måtte stoppe eller endre på cellegiftsbehandlinga for å unngå varige plagar. 


 

Ver merksam

  • Når du er under cellegiftbehandling kan du vere ekstra utsett for infeksjonar. Unngå derfor nærkontakt med menneske som openbart har symptom og teikn på infeksjonar.
  • Ved feber over 38 grader mellom cellegiftkurane må du kontakte lege umiddelbart.


 

Kontaktinformasjon

Informasjon om timeavtale og besøk

Har du fått innkalling til time, er blodgivar eller skal besøke nokon på sjukehuset? 

Sjå våre smitteverntiltak og gjeldande rutinar

Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

 

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Ladestasjon for el-bil

​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

Leikerom

​Har du med barn når du kjem til behandling? Vi har to leikerom ved Kreftavdelinga, eit ved sengeposten og eit like ved stråleterapien i første etasje. Her kan barna leike eller slappe av mens du får behandling, anten det er ved sengeposten, poliklinikken eller stråleterapien.

Parfyme

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.


Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Preste- og samtaletenesta

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Pårørande

Om du ønsker det kan du ha med deg pårørande til legekonsultasjonar, informasjonssamtalar med sjukepleiar og ved førundersøkingar. 

Pårørande kan diverre ikkje vere med inn på behandlingsrommet. 

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina​

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

Treningstilbod – pusterommet

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Pusterommet i Kristiansund

Pusterommet i Ålesund 

 

Relaterte nyheiter

Fann du det du leita etter?