Kort fortalt
Vi vil tilby deg ei trygg behandling uansett om den skal vere digitalt eller fysisk. Kva som passar for deg i forløpet ditt blir bestemt i samråd med behandlaren din. I mange tilfelle vil det framleis vere nødvendig med fysisk oppmøte på eit av sjukehusa i Helse Møre og Romsdal, men det er eit mål å kunne tilby meir behandling og oppfølging heime.
Digital oppfølging gir deg som pasient fordelen av å sleppe å reise til sjukehuset. Det kan også gi helsepersonell høve til å oppdage endringar i tilstanden din på eit tidlegare tidspunkt.
Blant våre digitale helsetenester har vi ei rekkje behandlingstilbod og nye er under utvikling. I oversikta under kan du lese meir om behandlingstilboda og korleis vi jobbar med å vidareutvikle nye tilbod slik at fleire pasientgrupper kan velje digital behandling og oppfølging.
Sjå våre digitale helsetenester
Hjarterehabilitering, treningsveiledning hjemme
Digital heimeoppfølging av for tidleg fødde og sjuke nyfødde
Diabetes type 1, behovsstyrt oppfølging gjennom digitale skjema
Epilepsi, behovsstyrt oppfølging gjennom digitale skjema
Tverrfagleg skulderrehabilitering, kartlegging av rehabilitering
Arbeidsretta rehabilitering (ARR), kartlegging av rehabilitering
Digital eigenregistrering før kirurgi
Heimespirometri av barn og ungdom
Heimespirometri voksne
Heimesykehus ernæringsutfordringar barn og ungdom
IBD, behovsstyrt oppfølging gjennom digitale skjema
CPAP, skybasert oppfølging av snorking og søvnapné
Medikamentfritt behandlingstilbod
Heimeoppfølging av skrøpelege eldre (PSHT)
Heimesykehus antibiotika
Kne- og ofteprotese på ein dag
Forløp under utvikling:
Lungekreft - digital screening før cellegift. Kontakt: KJetil Roth
Prostatakreft - digital screening før cellegift og digital informasjonspakke
Brystkreft - digital screening før cellegift og digital informasjonspakke
Nyresvikt - hjemmedialyse. Kontakt Øyvind Kaarbø
Barn og unge - ny hybridmodell for hjemmesykehus (Innovasjonsprosjekt)
BUP - weekend og videobasert behandlingsprogram (Innovasjonsprosjekt)
Trygg start på livet - samarbeid med kommuner om hørslscreening og bilirubinsjekk. Kontakt: Martha Molvær
Videokonsultasjonar
Les om videokonsultasjon i Helse Møre og Romsdal
Digitale og hybride kurs for pasientar og pårørande
Helse Møre og Romsdal tilbyr både digitale og hybride kurs for pasientar og pårørande.
Sjå liste over kursa her.