Plasser hender og/eller føter i behandlingskaret.
Unngå direkte kontakt med metallelektrodane. Ikkje ta hender/føter ut av behandlingsbadet under behandling. Du kan få lett støyt om du tek ut hender/føter av behandlingsbadet (30V, ufarleg) eller oppleve lett brenning om du er borti metallelektroden.
For høg straumstyrke vil kjennast ubehageleg. Sei frå til oss så vi kan redusere styrken. Det er ikkje uvanleg at du i starten berre toler låg straumstyrke. Toleransen kan auke etter kvart.