Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Parkinson kurs2 - Molde - hybrid

For personar som har Parkinson og deira pårørande og som opplev at sjukdommen set preg på livet.

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

i samarbeid med Parkinsonforeininga og Lærings- og meistringssenteret

Kvar

Molde sjukehus
Festsalen Molde sjukehus

Tilvising skal sendast elektronisk til Nevrologisk inntakskontor, Molde sjukehus.

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising. Merk i tilvisinga at det er Parkinson kurs nr. 2.

Vi set deg opp på kurs den staden som er nærast deg geografisk dersom kurset overførast digitalt til andre stader, om ikkje anna er oppgitt i tilvisinga. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.



Kvifor delta 

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om Parkinson sjukdom. Vi ønsker å skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med Parkinson. Dette kurset er eit kurs for deg som opplev at sjukdommen set preg på livet ditt (kurs nr. 2). Dersom du har eit aktivt liv utan store symptom kan du bli tilvist til Parkinsonkurs nr.1

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Behandlingsmetodar, medisinar og oppfølging
  • Fysisk aktivitet og rehabilitering
  • Hjelpemidlar i kvardagen og kvardagsmestring
  • Ernæring, symptom – tips og råd
  • Ta vare på stemma og svelgfunksjonen!
  • Tankar rundt det å ha ein kronisk sjukdom
  • Kvardagen og moglegheiter

Praktiske opplysningar

Stad: Molde sjukehus.

Merk at dette kurset er eit hybridkurs, som tyder at kurset vert holdt frå Molde sjukehus med digital overføring (og fysisk oppmøte) ved eventuelle andre sjukehus/kommunale stadar. Kontakt oppgitt kontaktperson for meir info.

Bevertning: Vi serverer kaffe/te, frukt og lunsj.  Parkinsonforeningen spanderer lunsj.

Det er bindande påmelding.
Ved ikkje møtt utan å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belasta med eit gebyr.

Parkering må den enkelte ordne med sjølv.

Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, til dømes kost, hørsel etc.


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Norges Parkinsonforbund

Kontakt