Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Strandgata 1, MoldeKvifor delta på kurs
Med kurset ynskjer vi at du skal få økt kunnskap om kva speleavhengigheit er, førebyggja forverring, hindre tilbakefall og skape økt tryggleik, forståing og meistring i det å leve med denne problematikken. Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same utfordringar og utveksle erfaringar.
Innhald
Diverse tema tas opp i gruppa, bl.a.:
- Psykisk helse
- Ulike fasar i avhengigheita
- Hjernens betydning
- Endringsprosessen
- Kognitive feilslutningar
- Sjølvkjensle
- Tilbakefall
- Pårøranes situasjon
- Økonomi og gjeld
Praktiske opplysningar
Lenke til informasjon om Rusbehandling TSB poliklinikk Molde
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her