Behandling
Medikamentell abort
På same måte som ved heimeabort vil du få eit medikament som startar abortprosessen. Etter to dagar kjem du tilbake til sjukehuset for å gjennomføre aborten her.
Tilvising og vurdering
Før
På sjukehuset får du ein samtale med sykepleiar og/eller lege. Etter at du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje ved hjelp av medikament, er det er to ulike medikament som vert nytta:
- Mifegyne som startar abortprosessen
- Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten.
Første del av behandlinga skjer på gynekologisk poliklinikk. Du får tabletten Mifegyne som svelgast. Når den er tatt er det for seint å ombestemme seg. Du kan reise heim og skal kome tilbake til gynekologisk avdeling innen 36-48 timar for behandling.
Du kan få blødning og menstruasjonsliknande smerter etter at du har tatt Mifegyne. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Du kan ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at du har fått Cytotec.
Ta kontakt med sjukehuset dersom:
- du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
- aborten skjer utan at vidare behandling er sett igang
Under
Mellom 36-48 timar etter at du har tatt Mifegybe, kjem du tilbake til sjukehuset. Du kan gjerne ha ein person med deg. Behandlinga kan ta tid, så ta gjerne med lesestoff eller lignande.
- spis gjerne frukost før du kjem
- du vil bli mottatt av sjukepleiar som gir deg informasjon om vidare behandlingsplan
- du vil få 4 tablettar som du skal sette djupt i skjeden
- vent 10-15 minutt med å reise deg opp - deretter bør du vere oppe for å hjelpe prosessen igang
- du vil få smertestillande tablettar etter behov
- det er vanleg å vere innlagt minst 6 timar
- dersom det går lengre enn fire timar før du får blødning vil du få ein ny dose tablettar i skjeden (kvar 3. time til aborten er gjennomført)
- du kan få kraftige menstruasjonssmerter og det er normalt å blø rikeleg
- du kan ikkje køyre bil behandlingsdagen
- etter heimkomst bør du ha ein person saman med deg første døgnet etter du kommer heim frå sjukehuset.
Etter
Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi tilrår at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioda. Unngå samleie og bading så lenge du framleis blør.
Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Spiral kan settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.
Etterkontroll:
4 veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.
Ta kontakt med sjukehuset dersom du har:
- positiv graviditetstest etter fire veker
- smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
- bløding som varar meir enn 28 dager
- feber (over 38 grader)
- ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 6 veker
Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort. Det er derfor viktig at du tar graviditetstest 4 veker etter gjennomført abort.