Strålebehandlinga kan vere ei påkjenning for kroppen din. Frisk luft er bra. Viss du kjenner deg trøytt og slapp prøv og halde deg i aktivitet, mosjoner. Fysisk aktivitet kan blant anna bidra til å redusera biverknader av kreftbehandling, oppretthalde og betre fysisk form, gi auka energi og overskot.
Hald fram med å drikke mykje. Kroppen vil danne ein del avfallsstoff undervegs i behandlinga som skal skiljast ut.
Det viktigaste er at du lyttar til kroppen sine eigne signal, og brukar den tida du treng for å kome deg ovanpå igjen.
Biverknader
Ei grundig planlegging blir gjort i kvart tilfelle for å minimalisere risikoen for seinplager. Stråledosen du får er valt med tanke på dette, samstundes med at vi ønsker best mogleg behandlingseffekt av strålebehandlinga. Det er ikkje mogleg å unngå at omkringliggande organ blir bestrålte til ein viss grad. Vi har klare grenser for kor mykje stråling slike organ kan få. Grensene vi brukar er baserte på at risikoen for seinskader skal vere minimal. Biverknader som oppstår på grunn av strålebehandlinga kan auke eller vare dei første 2-3 vekene etter siste strålebehandling. Nokre gongar kan biverknadane vare lengre grunna individuelle forskjellar og type behandling. Dette er på grunn av at skadar som oppstår i cellene ikkje kjem til uttrykk før cella skal dele seg. Tida ein celledelingssyklus tek er ulik for ulike vevstypar.
Dersom biverknadene er særs plagsame, eller ikkje blir betre etter 4-6 veker kontakt fastlegen din eller ring sjukehuset, viss du har spørsmål.
Mogelege seinbiverknader
Om lag 10-15 prosent får varige biverknader frå blære og endetarm av strålebehandlinga.
Blære
Enkelte kan få endra blærefunksjon med hyppigare vasslating. Nokre få kan få ein samanvoksing av urinrøret inn i blæra, dette kan enkelt opererast.
Tarm
Tarmfunksjonen kan bli endra med hyppigare avføring, og nokre får varige plager med slim i avføringa og laus avføring. Dersom du har blod i avføringa som varer utover 2-3 månader etter avslutta behandling bør du ta ei undersøking av endetarmen (rektoskopi). Dette for å utelukke andre årsaker til blod i avføringa.
Seksualfunksjon
Ca 50 prosent blir impotente av strålebehandlinga. Dersom du har fått hormonbehandling vil dette fjerne eller nedsette potensen. Mange opplev varig impotens når verknaden av hormonbehandlinga er over. Nokre pasientar kan ha nytte av potensfremmande medikament. For å bevare potensen er det lurt å ha regelmessig seksuell aktivitet. Etter strålebehandling vil du kunne merke at mengda sæd minskar.
Hudstell
Hudreaksjonar vil oppstå i større eller mindre grad under og etter strålebehandling. Undervegs i behandlinga vil strålefeltet bli observert jamleg av lege og stråleterapeutar. Dersom det oppstår problem eller ved spørsmål, ta kontakt med personalet. Vi kan gi råd og rettleiing om pleie og behandling.
Generelle anbefalingar
Dagleg reingjering av huda i strålefeltet anbefalast, og du kan dusje eller vaske deg som vanleg. For å irritere huda minst mogleg bør du:
- Bruke lunka vatn og lågt trykk på dusjen. Ikkje skrubbe eller gni
- Bruke uparfymert såpe med nøytral PH-verdi viss du ønsker å bruke såpe
- Klappe huda tørr eller lufttørke
- Ved behov for barbering i strålefeltet bør du bruke barbermaskin, ikkje barberhøvel
Pleie og forholdsregler
Karbad/symjehall frårådast under behandlinga og så lenge det er reaksjon i huda. Vatn frå badekar blir raskt forureina. Klor kan irritere og tørke ut huda.
Smøring med uparfymert fuktighetskrem/lotion kan redusere tørrleik og kløe. Der det eventuelt blir hudlause område skal det ikkje smørast, då det kan irritere ytterlegare. Smør aldri før behandlinga same dag.
Unngå sol/solarium i behandlingsperioden. Viss du er ute i sola bør det bestrålte område dekkast til. Huda i strålefeltet vil alltid vere sårbar og kan lettare bli brent. I minst eitt til to år etter avslutta strålebehandling bør du unngå å få sol direkte på området som er bestrålt. Ved sterk soleksponering bør solkrem også brukas under klede.
Det er viktig at huda får nok luft. Bruk derfor helst bomullsklede eller ull inn mot huda. Bruk luftige og ikkje stramme klede. Ligg gjerne med bar hud under eit teppe når du kviler.
Viss det er sterkt behov for bruk av bandasje, skal ikkje bandasjer med lim eller tape nyttas i strålefeltet. Lim frå bandasjer tek med seg hudceller når dei blir bytta, og gjer huda sår. Bruk heller elastisk bind som feste eller bandasjer med silikonlag inn mot huda. Silikonbandasjen kan ligge på opptil ei veke om den ikkje er gjennomtrekt av sårvæske. Spør stråleterapeutane, dei kan gi råd om bruk av bandasjer.
Saltvassomslag
Omslag med saltvatn verkar lindrande på sår hud som klør og er øm. Ved blemmer eller sår i huda kan saltvassomslag også verke reinsande og infeksjonsførebyggjande. Strålefeltet kan skyljast eller det kan leggast på godt fukta kompress med saltvatn i 10-20 minutt. Saltvatn (Natriumklorid 0,9 %) kan kjøpast på apoteket, eller du kan koke opp ein liter vatn og ei spiseskje vanleg hushaldningssalt som deretter avkjølast til romtemperatur. Ein kan også bruke eit klede av lin eller bomull som kompress.
Slik bruker du saltvassomslag:
Vask hendene. Dynk kompressane godt med saltvatn og legg desse på huda. Lat liggje i 10-20 minutt, ikkje lenger.
Lat huda lufttørke før du eventuelt smørar med blå Apobase eller Aloe Vera. NB! Ikkje smør før behandling. Lat gjerne kremen trekke inn i huda før du kler på deg.
Saltvassomslag kan du legge på så ofte du ønsker, gjerne 2-3 gonger for dag.
Biverknader i huda frå strålinga kan vare og/eller auke 2-3 veker etter avslutta strålebehandling. Målretta tiltak som nemnde over skal fortsette til huda er godt tilhela, vanlegvis 4-6 veker etter avslutta strålebehandling. Viss det utviklar seg sårdanning med væsking der sårvæska får gul eller grøn farge og/eller vond lukt, ta kontakt med fastlegen din. Det kan takast ei bakterieprøve for å undersøkje om det er nødvendig med antibiotika.