Diagnose
Atopisk eksem
Atopisk eksem er den vanlegaste eksemforma hos barn og kan ramme opp til 20 prosent av barn i førskulealder. Dei fleste får symptom på hudsjukdommen før fylte to år, mange får plager allereie i spedbarnsalder. Mange blir kvitt plagene før dei blir vaksne. Hos enkelte blussar sjukdommen opp igjen i tenåra. Enkelte vil ha eksemplager livet ut. Personar som har hatt atopisk eksem som barn er spesielt utsette for å få handeksem som vaksne.
Atopisk eksem blir kjenneteikna av tørr hud og kløe. Det finst ingen testar for å stille diagnosen, men utbreiinga til utslettet og plagene til pasienten hjelper legen til å stille diagnosen. Kløe er oftast det største problemet. Barn med atopisk eksem er ofte urolege og søv dårleg om natta. Mild atopisk eksem kan behandlast med fuktbevarande kremar og betennelsesdempande kremar og salvar, vanlegvis kortisonpreparat eller såkalla calcineurinhemmere. Allergi er ikkje årsak til atopisk eksem, allergitesting er derfor ikkje ein del av utgreiinga. I enkelte tilfelle kan allergi forverra utslettet, legen avgjer om det er grunnlag for vidare utgreiing.
Tilvising og vurdering
Milde formar for atopisk eksem kan behandlast av fastlegen. Ved meir utbreidde plager, eller der behandlinga ikkje har tilfredsstillande effekt, kan fastlegen tilvise pasienten til hudlege. Ventetida hos hudlege avheng av kor alvorleg tilstanden er. Barn og vaksne med utbreidd eksem og søvnforstyrrande plager kan få time innan få veker.
Utgreiing
Ta med oppdatert medisinliste til timen din. Ingen andre førebuingar er nødvendig.
Dersom det står i innkallinga at du er sett opp til allergiutgreiing, følgjer du instruksane som står i innkallingsbrevet.
Behandling
Hudlegen vil snakke med deg (evt. foreldre eller føresette) og undersøke huda di nøye. Sjølv om det står i innkallingsbrevet at det kan vere aktuelt med allergitesting, er det legen som etter vurdering av sjukehistoria som avgjer om allergitesting er aktuelt. Allergitestar kan anten vere ei blodprøve, ein prikktest i huda eller ein epikutantest på huda.
Hudlegen vil informere deg om vidare behandling og skissere eit behandlingsprogram som du skal følgje heime. Dersom legen finn ut at det er behov for lysbehandling, må du vanlegvis møte på poliklinikken for behandling tre eller fleire gonger i veka i mange veker. Kvar lysbehandling kan ta opptil 20-30 minutt.
Kliniske studiar
2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- En multisenter, randomisert, dobbeltblind, placebokontrollert studie for å vurdere sikkerhet og effekt av upadacitinib i kombinasjon med topikale kortikosteroider hos pasienter med moderat til alvorlig atopisk eksem
- CetoSkin: Effekten av fiskeolje på atopisk eksem
Kontakt
Kurs
- Atopisk eksem - foreldre - KristiansundKurs for foreldre til små barn og aktuelle fagpersonar.Atopisk eksem - foreldre - KristiansundDato kjem
- Eksemskule - foreldre - ÅlesundFor foreldre, besteforeldre, tilsette i barnehage og skule.Eksemskule - foreldre - ÅlesundDato kjem