Lappetest
Epikutantest ved allergi
Ved epikutantest, også kalla lappetest, legg vi testmateriale i små kammer direkte på huda, vanlegvis på ryggen. Testen blir brukt ved mistanke om allergi mot stoff som kjem i kontakt med huda. Testmaterialet skal ligge på i 48 timar. Testen blir lesen av etter 72 timar, i nokre tilfelle også etter 5–7 dagar.
Før
Du må ikkje smøre huda på ryggen med kortisonkremar dei siste to til tre vekene før testen skal bli lagt på. Dersom du bruker Prednisolon-tablettar over 10 mg per dag, kan du ikkje ta testen. Du bør ikkje ha fått sol på ryggen dei siste fire vekene før testen blir lagt. Dersom du mistenker at du reagerer på spesielle produkt (kosmetikk, kremar o.l.), kan du ta med desse til konsultasjonen.
Under
Testkammera/testmaterialet blir limt fast med plaster på ryggen. Vanlegvis blir testområda markerte med tusj. Av og til plastrar vi ein liten bit av stoffet vi mistenker allergi mot, direkte på huda.
Prosedyren kan ta opp til ein halvtime, avhengig av kor mange testar som skal leggast.
![En rygg med allergitester klistret fast på ryggen.](https://fellesinnhold.fnsp.nhn.no/490222/contentassets/bdb5bbe29adc451cb23f81a2dcce32a4/epikutantest-illustrasjonsbilde.jpg?width=596&height=397.53200000000004&quality=80&format=webp)
Foto: Oslo universitetssykehus
Etter
Forholdsreglar før avlesing hos hudlege:
-
Unngå kroppsleg aktivitet som framkallar sveitte.
-
Ikkje bad, dusj eller vask hudområdet der testen er lagt i tida før du skal til legen for avlesing av testen. Dette gjeld også når du har tatt av plasteret.
-
Unngå å få sol på testområdet.
-
Unngå å klø på hudområdet der testen ligg.
-
Unngå store rørsler og gnissing mot testområdet (plasteret kan losne).
-
Testen blir lesen av på poliklinikken eller hos tilvisande hudlege. Når testen er lesen av, vil du få informasjon om allergi er påvist eller ikkje og eventuelt kva produkt du bør unngå å komme i kontakt med.
Dei fleste treng ikkje oppfølging på sjukehus.
Ver merksam
Det er sjeldan komplikasjonar etter epikutantesting. I nokre tilfelle kan reaksjonen på testmaterialet bli så kraftig at utslettet må smørjast ned med sterke kortisonkremar i nokre dagar, for å dempe kløe.