Høyreapparattilpassing
Eit høyreapparat er eit teknisk hjelpemiddel som kan hjelpe deg å høyre betre. Høyreapparatet kan ikkje erstatte normal høyrsel, men om det er godt tilpassa kan det gi ein betre kvardag.
I forkant av denne timen har du vore til vurdering for høyreapparat. Då får du informasjon om ulike typar høyreapparat, og i samråd med audiograf kan du velje kva variant du skal få.
NAV har avtalar med ulike leverandørar av høyreapparat, og høyrselssentralen har tilgang på dei same høyreapparata som private aktørar. NAV dekkjer høyreapparat inntil ein gitt sum. Somme apparat vil derfor ha ein eigendel. Du vil få informasjon om eigendel dersom det er aktuelt.
Før
Det kan vere lurt å tenkje over din eigen situasjon når det gjeld høyrsel, før du kjem til den første timen.
- Er du motivert for å få høyreapparat eller anna høyrselsteknisk hjelpemiddel dersom det viser seg at du høyrer dårleg?
- I kva situasjonar kjenner du at du slit med å høyre?
- Kva forventningar har du?
Du må gjerne spørje familie eller venner om dei har lagt merke til endringar i høyrselen din.
I samarbeid med audiografen skal du finne ut korleis høyreapparata kan justerast for å få maksimalt utbytte av dei. Du skal også lære deg korleis du skal ta vare på dei.
For å klare overgangen til å bli høyreapparatbrukar er det ein fordel at du har rett motivasjon og kunnskap.
Under
Du vil treffe både lege og audiograf ved ditt første møte på øyre-, nase-, halsavdelinga. Legen undersøkjer øyrene dine, og ein audiograf vil utføre ulike målingar av høyrselen. Deretter vil behovet for høyreapparat bli vurdert.
Tilpassing av høyreapparat
Om tilpassing av høyreapparat
Høreapparatene blir tilpassa basert på høyrselstestane. Først kan lyden verka sterk og påtrengjande. Spesielt kan eigen stemma verka framand eller ubehageleg. Nokon synest lyden er metallisk.
Det er viktig at du set ord på opplevinga du har av den nye lyden. Eventuelt ubehag kan takast bort ved å justera lyden, men det handlar i aller størst grad om tilvenning. Hjernen din treng tid til å venna seg til det nye lydbiletet.
Du kan vera ein av dei som ikkje kjenner noko slags ubehag, eller du kan trenga litt tid. Om du blir sliten av lyden frå høyreapparata kan det vera positivt, på lik linje med at ein blir sliten av annan type trening. Erfaringane dine vil fortelja deg når det er lurt å ta ein pause.
Hugs at audiografen treng tilbakemeldingar frå deg for å kunna gi deg råd og rettleiing.
Du får nødvendig informasjon om bruk og stell av apparatet. For ein førstegongsbrukar dukkar det ofte opp mange spørsmål. Ta gjerne med deg ein pårørande som kan hjelpe deg å hugse informasjonen du får.
Kor lang tid tek behandlinga/undersøkinga?
Kor lang tid det tek, vil variere. Ta kontakt med avdelinga for informasjon om timen din.
Etter
Den første tida med nytt høyreapparat
Det er viktig å bruke prøveperioden godt. Bruk høyreapparata så mykje som mogleg og i ulike situasjonar. Noter deg dei utfordringane som oppstår. Stikkord her er lydane du høyrer og samtalane du har, men også korleis det er å setje dei på. Grada av komfort og om dei gir kløe eller smerte. Merk at du ikkje skal bruke høyreapparata om dei gjer vondt.
Mange som tek i bruk høyreapparat blir overraska over kor mange lydar dei høyrer. Kvardagslydar som ein kanskje ikkje har høyrt på lenge. Slike lydar kan verke forstyrrande, spesielt når det er vanskeleg å høyre kva folk seier. Då er det viktig å vite at slike lydar er spesielt viktig å høyre for ein med svekt høyrsel. Dei bidreg til å vekkje tankar og kjensler ein utan høyreapparata vil gå glipp av. Tankar og kjensler bidreg til auka hjerneaktivitet, noko som er viktig for hjernehelsa di. Det er ein viktig del av tilvenninga å bli trygg og van med alle lydane som er rundt oss.
Kontroll og oppfølging
Du blir følgt opp med høyreapparatkontrollar hos audiograf i utprøvingsperioden. Fortel audiografen om erfaringane dine på kontrolltimen. Kor mange kontrollar du treng, er avhengig av korleis utprøvingsperioden går.
Etter tildeling av høyreapparat kan du ta direkte kontakt med høyrselssentralen om du får problem med høyreapparatet, dersom du skal bestille time eller om det treng justering.
Har du fått høyreapparat hos ein privat audiograf eller avtalespesialist, må du kontakte denne spesialisten for servicetime.
NAV dekkjer utgifter til nye høyreapparat kvart sjette år. Audiografen din hjelper deg med søknad og vidare prosess.
Det er ditt ansvar å forsikre høyreapparatet.
Drop-in service
Molde og Krististiansund sjukehus
Molde og Krististiansund sjukehus har drop-in service heile dagen. Du fyller ut eit skjema i ekspedisjonen og leverer inn apparata dine. Vi gjennomfører service/reperasjonar og ringer/sender sms når du kan hente apparata igjen. Du får også beskjed dersom vi må videresende apparata dine for reperasjon.
Ålesund sjukehus
Måndag-tysdag og torsdag-fredag kl. 08.30-14.30
Onsdag kl. 09.00-14.30
Luka er stengt i lunsjtida, kl 12.00-12.30.
Vi bruker køsystem og du kan møte opp utan avtale. Ventetid må du rekne med då vi ofte har stor pågang.
Audiograf kan hjelpe med innsending av utstyr til leverandør ved behov. Merk at timebestilling er nødvendig dersom du har behov for justering av høyreapparat eller høyrselstest. Ta ev. kontakt med oss via HelsaMi, på telefon, epost eller ved skranken.
Du betaler vanleg eigenandelstakst ved timeavtale, service og enkle reperasjonar.
Utstyr og tilbehør til høyreapparat må ein bestille frå aktuell høyreapparatleverandør. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.
Ver merksam
Om det oppstår problem under utprøving, ta kontakt med oss. Vi vil prøve å hjelpe deg, anten med forslag til å løyse problemet, eller med ein framskunda time.
Kontakt
Kurs
- Dato kjem