KOLS
Kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) er fellesnemninga for kronisk bronkitt og emfysem. Sjukdommen fører til hindra luftstraum gjennom luftvegane og nedsett elastisitet i lungevevet. Sjukdommen kan førebyggast, og når ein startar tidleg med behandling kan ein bremse utviklinga. Kols er eit folkehelseproblem, og førekomsten er aukande både i Noreg og i resten av verda.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som tilviser deg til utgreiing. Tilvisinga blir vurdert av overlege ved Lungemedisinsk avdeling. Alvorsgrada av plagene dine er avgjerande for kor fort du får legetime.
Utgreiing
Diagnosen kols blir basert på sjukehistorie, symptom og resultat av legeundersøkingar.
Vi kan bekrefte diagnosen med spirometri.
Andre undersøkingar som kan vere aktuelle:
Behandling
Kols treng livslang oppfølging og behandling. Måla med behandling er å lindre plager (symptom), bremse utviklinga av sjukdommen og førebygge akutte forverringar.
Dei fleste får medikamentell behandling beståande av medisinar som utvidar luftvegane, og i enkelte tilfelle betennelsesdempande medisinar.
Pasientar med kols opplever av og til forbigåande forverring (exacerbasjon). Ved ei forverring vil du typisk oppleve auka tung pust, ei kjensle av å vere tett i brystet og forverra hoste. Behandling bør startast raskt, og her kan ein eigenbehandlingsplan vere nyttig.
Dei fleste pasientar kan varetakast av fastlegen.
Ved alvorleg akutt kolsforverring kan sjukehusinnlegging vere nødvendig, som dersom du blir forverra trass igangsett behandling av fastlegen.
Medikamentell behandling
Denne består som regel av hurtigverkande medisinar som verkar avslappande på musklane i luftvegane, betennelsesdempande medisinar (steroid) og antibiotika ved infeksjon.
Surstoff-/oksygenbehandling og/eller pustestøtte
Kan givast ved teikn på lungesvikt.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Pasientar som har vore innlagde på sjukehuset på grunn av kolsforverring, bør få kontroll hos fastlege innan 2–4 veker etter utskriving. Ved stabil kols blir du følgt opp av fastlegen din éin til to gonger per år, avhengig av alvorsgrad. Nokre pasientar blir følgt opp av spesialist.
Lungerehabilitering er anbefalt til alle som har daglege plager på grunn av kols, for eksempel at du går langsamare enn jamaldrande. Lungerehabilitering omfattar trening, undervisning om kols, opplæring til eigenmeistring av sjukdom og rådgiving. Fleire yrkesgrupper er involverte, som for eksempel lege, sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut. Det blir laga eit program tilpassa kvar enkelt pasient. Både fastlege og lungespesialist kan vise til lungerehabilitering.
Kontakt
Kurs
- KOLS - VoldaKurset er for deg som har fått diagnosa KOLS. Pårørande er velkomne til å delta på kurset.KOLS - VoldaDato kjem
- Kols - ÅlesundKurset er for deg som har fått diagnosa kols. Pårørande er velkomne til å delta på kursetKols - ÅlesundDato kjem