
Læringsportalen "vår digitale campus" er tilgjengeleg online og inneheld både e-læringskurs, videoar og annonsering av klasseromskurs (fagmøte, konferansar). Innhaldet er primært retta mot tilsette, men ein del av kursa er også tilgjengelege for til dømes nye tilsette, studentar og samarbeidspartar i kommunar, utdanningsinstitusjonar og andre regionale helseføretak.
Kurs for primærhelsetenesta
Alle kurs i Læringsportalen
Meir om Læringsportalen
Du kan nytte Læringsportalen frå PC, nettbrett eller mobiltelefon. Dersom du ynskjer å lagre informajson om gjennomføring av e-læring, må du logge deg på via ID-porten (Min ID - du må då ha eit norsk fødselsnummer).
Det er aktuelt å samarbeide med primærhelsetenesta, fagnettverk og utdanningsinstitusjonar om felles kurs og konferansar. For å melde deg på eit kurs der du er i målgruppa, må du anten melde deg på via ID-porten (gratis arrangement), eller så ligg der informasjon på kurssida om korleis du skal melde deg på ved betaling (vi brukar oftast www.deltager.no)
Kunnskapsoverføring
Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling mellom fagpersonell skal bidra til gode helsetenester og heilskaplege pasientforløp. Det skal løne seg å førebygge sjukdom og pasienten skal få betre behandling der dei bur.
Meir om samhandling
Om kompetanseutvikling