Nyhendebrev april frå Helsefellesskapa
Lurer du på kva som skjer i helsefellesskapa? Helsedirektoratet gir ut nyhendebrev for at alle skal få lese nyhende og prosjekt på tvers samt datoar og informasjon om aktuellle møte og konferanser. I nyhetsbrevet finn du også aktuell informasjon frå Direktoratet for e-helse, KS, dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet

Les siste nyhendebrevet frå Helsedirektoratet:
Nyhendebrev Helsefellesskap april 2023 (pdf)
I tillegg oppdaterer Helsedirektoratet temasidene sine vedrørande helsefelleskap jamnleg. Informasjon og nyhende vedrørande helsefellesskap i Møre og Romsdal og samarbeidsprosjekt finn du påHelsefellesskap Møre og Romsdal
Samarbeidsstrukturen Helsefellesskap Møre og Romsdal består av helseføretaket og kommunane i opptaksområdet. Der over 200 representantar frå alle dei 26 kommunane, helseføretaket, fastlegar og ulike brukarrepresentantar møtast fast for å planlegge og utvikle tenester saman og sikre prioritering av tenester til dei pasientane som treng det mest.
Vi oppfordrar også deltaktige i Helsefellesskap Møre og Romsdal om å dele nyhende og viktige datoar og informasjon om relevante samankomstar.
- Dersom du har innspel, datoar eller nyhende du ønsker å få med i det nasjonale nyhendebrev frå Helsedirektoratet eller ynskjer å motta nyhendebrevet ta kontakt med Kathrine Syse, e-post: kathrine.syse@helsedir.no
- For innspel oppdateringar websider helsefellesskap eller andre førespurnader om Helsefellesskap i Møre og Romsdal ta kontakt med Felles samarbeidssekretariat
