Nytt frå Helsefellesskap Møre og Romsdal
Samarbeid i Møre og Romsdal
Eit hovudgrep i Nasjonal helse- og sjukehusplan frå 2020-2023 var å opprette 19 helsefellesskap. Desse består av helseføretak og kommunane i opptaksområdet. I vårt fylket vart samarbeidsstrukturen Helsefellesskap Møre og Romsdal oppretta frå 2021 der over 200 representantar frå helseføretaket, alle dei 26 kommunane, fastlegar og ulike brukarrepresentantar møtast fast for å planlegge og utvikle tenester saman.
Kva er Helsefellesskap
Etablering av helsefelleskap skal vere med å sikre prioritering av tenester til dei pasientane som treng det mest. Helsefellesskapa skal særskilt prioritere tenester til fire pasientgrupper: born og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusavhengige, skrøpelege eldre og personar med fleire kroniske lidingar. Samarbeid mellom kommunehelsetenesten og spesialisthelsetenesten er ikkje noko nytt sjølv om organiseringa i helsefellesskap er av nyare dato. Helsefellesskap Møre og Romsdal er altså ei vidareutvikling av tidlegare samarbeidsstruktur.
Du finn informasjon om alle ulike utval, medlemar, referat, handlingsplanar inkludert noværande samarbeidsavtale på nettsidene til Helsefellesskap Møre og Romsdal
Prioriteringar vidare i Helsefelleskap Møre og Romsdal
- Førebuing til revisjon av samarbeidsavtale for perioden 2025 - 2028
- Implementering og gjennomføring av tiltak i handlingsplanar frå faglege samarbeidsutval
- For kontaktinformasjon om Helsefellesskap i Møre og Romsdal ta kontakt med Felles samarbeidssekretariat
- Dersom du ynskjer å motta nyhendebrev om Helsefellsskap frå Helsedirektoratet ta kontakt med kathrine.syse@helsedir.no