Retningslinjer for samarbeid mellom fastleger og sjukehus
Dokumentet er utarbeida i samarbeid mellom klinikkane , 3 kommuneoverlegar og praksiskonsulentane som representant for fastlegene i dei 4 ulike lokalsjukehusområda. Målet med dokumentet er å ha ein skriftleg rettleiar for oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane . Ein har vidareført eit mangeårig godt samarbeid, men mellom anna av pasientsikkerheitsgrunner har ein sett behovet for å gjere denne oppgåvefordelinga skriftlig. Dokumentet har vore ute på høring i alle klinikkar og i kommunane. Overordna samhandlingsutval fekk dokumentet til handsaming tysdag 27. november 2018 .
Pakkeforløp for psykisk helse og rus
Anbefalingar om samarbeid mellom fastlegar og spesialisthelsetenesteOmfordeling av oppgaver mellom HMR og kommune
Vi har ein ønska utvikling innan medisin der ny kunnskap og ny teknologi gjer at oppgåver no kan få ny behandlingsstad. Dette gjer at «rett oppgåve på rett stad til rett tid» i dag ofte skjer nærare heimen til pasienten enn for berre få år sidan .
Oppgåver vert flytta frå St Olavs Hospital til sjukehusa i Møre og Romsdal og oppgåver vert flytta frå sjukehusa til kommunane. Ny teknologi kan gjere at nokre oppgåver vert flytta frå helsevesenet til pasientane. Oftast vert oppgåvene flytta nedover i behandlings-kjeda, men ny kunnskap gir nye moglegheiter til at oppgåver også kan flyttast oppover i systemet .
Vurdering
Nokre gonger kan ein som klinikkar eller leiar stille spørsmål om oppgåva vert gjort på feil stad eller til feil tid. Dersom ein finn ei oppgåve som ein meiner burde vore utført på eit anna behandlingsnivå anbefaler Helse Møre og Romsdal HF at ein nytter det vurderingsskjemaet som Norsk foreining for allmennmedisin (NFA) har utarbeidd. Dette er eit verktøy i analysen av om oppgåvene vert gjort på rett sted og kva som må til for at oppgåva kan verte flytta til ein annan behandlingsstad.
Vi anbefaler å sende forslag med utfylt skjema til sekretær i behandlarfagrådet som er PKO-leiar Stian Endresen. Slik kan ein sikre ei god vurdering og ei god forankring blant behandlarar i Helse Møre og Romsdal HF, i kommunane og i brukarutval før ein eventuelt gjer eit flytting av oppgåver.
Her finn du vurderingsskjema ved omfordeling av oppgåver mellom spesialisthelseteneste og fastleger/leger i kommunehelsetenesta
Felles behandlarfagråd
Behandlarfagrådet i Møre og Romsdal er oppretta etter at ”Overordna samarbeidsutval (OSU) i Møre og Romsdal i november 2018 gjorde vedtok om at Møre og Romsdal skulle etablere eit Felles behandlarfagråd. Målet med fagrådet er å betre samhandlinga mellom behandlarar i spesialisthelsetenesta og kommunane .
Fagrådet skal ha ein rådgivande funksjon overfor OSU og andre samarbeidsorgan i Møre og Romsdal.
Behandlarfagrådet sine oppgåver:
Fagrådet skal gi råd om vesentlige forhold i behandlar til behandlar samarbeidet mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta som tek i vare pasientforløp og god utnytting av ressursar på begge nivå.
Forslag om endra oppgåvefordeling mellom avdelingar i Helse Møre og Romsdal og fastleger skal vurderast med tanke på pasientsikkerheit , ressursbruk og om det kan sameinast med dagens arbeidsform i sjukehus og fastlegepraksis. Behandlarfagrådet skal være høringsinstans for forslag til standardiserte pasientforløp som involverer både primær og spesialisthelsetenesta.
Behandlarfagrådet sine medlemmer :
Per 1. April 2019
1)Kommuneoverlege frå Orkide område
2)Kommuneoverlege i ROR område
3)Kommuneoverlege i Sunnmøre
4)Pk Nordmøre
5)Pk Romsdal
6)Pk Sunnmøre
7)Pko-leder
8)Overlege medisinsk klinikk Nordmøre/Romsdal
9)Overlege klinikk for diagnostikk
10)Overlege akuttklinikken
11)Behandlar Klinikk for psykisk helsevern og rus
12)Overlege kirurgisk klinikk
13)Behandlar KKBU
14)Overlege medisinsk klinikk Sunnmøre
15)Behandlar Klinikk for psykisk helsevern og rus Sunnmøre
16)Lege fagavdelinga
Melde saker:
Fastleger , kommunar , bedriftsleger, avtalespesialister , bruker , fylkesmannen , sjukehus og samarbeidsorgan mellom sjukehus og kommunar kan melde saker som gjeld samhandling og oppgåvefordeling mellom sjukehus og behandlarar/fastleger i kommunane . I tillegg kan fagrådet på eige initiativ ta opp relevante saker til drøfting i fagrådet.
Saker meldes til :
Pko-leder Stian Endresen , Stian.Endresen@hmr-no
Oppfølging av saker:
I saker som inneberer vesentlige endringar i samarbeidet mellom leger i sjukehus og kommune så vil felles behandlarfagråd sende forslaget til drøfting til :
a)Lokalt samarbeidsutval(LSU) , tillitsvalte, allmennlegeutval og kommuneoverlegane i Møre og Romsdal
b)Seksjon for samhandling i HMR, tillitsvalte og aktuelle klinikkar
Etter ny drøfting i felles behandlarfagråd vert saker sendt til OSU .
OSU vedtar og sender ut endelige anbefalingar til sjukehus/kommuner .
Referat
2019.04.092019.06.19
Felles legemøter/fastlegemøter
Felles legemøter/fastlegemøter er for Helse Møre og Romsdal HF ein viktig møteplass med fastlegene og kommunalt tilsette leger. Fastlegen sin posisjon som henvisere betyr at dei både er «døropnar og portvakter» for pasientstrømmen inn til Helse Møre og Romsdal HF. Dette gjer at samhandling mellom føretak og denne legegruppa er ekstra viktig.
Fastleger er avhengig at kontinuerlig oppdatering om HMR sine tilbod. Helse Møre og Romsdal HF har som dei fleste andre helseføretak hatt slike legemøter gjennom mange år. Dei siste åra har ein jobba for å få på plass slike møteplassar ved alle lokalsjukehus. Møta er no forankra i samhandlingsseksjonen i fagavdelinga i helseføretaket.
På desse møta vert det diskutert faglege problemstillingar, lokaltilpassa samhandling og forventningar til utredning, behandling og oppfølging av pasientar.
Ein har ofte kalla desse møta for «Nytt og nyttig møter». Fagleg samhandling og relasjonsbygging er nøkkelord. Sjukehusleger, fastleger og Helse Møre og Romsdal HF sine leiarar held faglege innlegg som vert avslutta med ein fagleg diskusjon mellom sjukehusleger og fastleger. Avtalespesialister vert og invitert inn som forelesarar.
Ein har valt å ha to slike møte i kvart lokalsjukehusområde per kalenderår. Møta vert arrangert på kveldstid og kvart møte er på tre timar + innlagte pausar.
Praksiskonsulentane står for førebuing og gjennomføring av desse møta. Fastleger, kommuneoverleger, sjukehusleger og sjukehusleiarar kjem med forslag om tema og problemstillingar som dei ynskjer tatt opp i disse møta. Når ein ønskjer å ta opp tema på eit slikt møte så sender ein e-post til lokal praksiskonsulent med forslag om tema. Dersom drøftingar på møta fører til endring av samhandlingsrutinar så vert desse endringane sendt ut skriftlig i etterkant av møta.
Møta i 2019 er planlagt på følgjande datoar:
1)Volda 9. april og 15. oktober
2)Ålesund 22.januar 2020 og 29.januar 2020
3)Molde 16. januar og 6. november
4)Kristiansund 3. april og 6. november
Innspel om tema til desse fagmøtene må sendast:
Volda: Stian på epost: stian.endresen@helse-mr.no
Ålesund: Sindre på epost: sindre.klokk@helse-mr.no
Molde: Thilde på epost: Thilde.Camilla.Svela@helse-mr.no
Kristiansund: Andreas på epost: andreas.nybrott.hals@helse-mr.no
Informasjon frå laboratoria
Nytt frå laboratoria i klinikk for diagnostikk. Medisinsk biokjemi, mikrobiologi og patologi.
Gå til Bioposten
Informasjon frå laboratoriet, avdeling for medisinsk biokjemi (klikk på lenka, klikk så "Les meir om Avdeling for medisinsk biokjemi . klikka så på Informasjon frå laboratoriet)
Nyheiter/informasjonsskriv frå Medisinsk mikrobiologi (Du finner Nyheiter/informasjonsskriv i opplistinga)
Ventetider
Du kan velge mellom alle offentlige behandlingssteder. For å få dekket utgifter til undersøkelse eller behandling ved et privat behandlingssted, må behandlingsstedet ha avtale med et regionalt helseforetak eller en godkjenning fra HELFO for den aktuelle behandlingen.
Alle behandlingssteder som rapporterer ventetider
Ventetid Medi 3 Ålesund
Ventetid avtalespesialister i Midt-Norge
Samhandlingsplakat for behandlere
Samhandlingsplakat for behandlere