HELSENORGE

Innføring av Palliativ plan i din kommune – Korleis gå fram?

Forankring

I Møre og Romsdal er arbeidet med innføring av Palliativ plan forankra i samhandlingsavtale og samhandlingsstrategi. For å starte arbeidet i di kommune, er det lurt å ta dette opp på overordna leiarnivå. Dialogmøte mellom ressurssjukepleiarar i palliasjon og fastlegar er nyttig. Det treng ikkje koste noko å innføre dette arbeidet, men som alt anna kvalitets- og fagutviklingsarbeid, tek det tid. Ein må ha tid til opplæring og tid til å gjere dei nødvendige grepa i dokumentasjonssystemet.    

Opplæring

Det kan være lurt å ha nokre ressurspersonar som har eit ekstra ansvar for opplæring og framgang i innføring. I Møre og Romsdal har vi ressursnettverk for sjukepleiarar innan palliasjon. Desse har vore nøkkelpersonar ute i kommunane. Dei har eit ekstra ansvar for opplæring både i palliasjon og i bruk av Palliativ plan, og har invitert dei ulike avdelingane til internundervising.

For undervising, bruk gjerne dei ferdige presentasjonane som ligg nedst på denne sida: "Korleis opprette ein palliativ plan?"

Systemansvarleg

Systemansvarleg i din kommune må fysisk legge inn overskrifter og mal. Sjå prosedyre for ditt dokumentasjonssystem.

Gjennomføring

Vel ut nokre få pasientar som de tenkjer kan ha nytte av å få tilbod om palliativ plan. Ikkje start med alle aktuelle på ein gong. 

Eksempel på gjennomføring

  1. Identifiser pasienten som har behov for palliativ plan

  2. Samtale med brukar, eventuelt pårørande, om kva ein palliativ plan er

  3. Innhente medisinske føringar frå spesialisthelsetenesta.

    Ansvarleg: Palliativ team eller fastlege.

  4. Oppstatsmøte

    Aktuelle deltakarar: Pasient, pårørande, palliativt team, fastlege, heimesjukepleie, kreftkoordinator, eventuelt andre

  5. Kreftkoordinator eller sjukepleiar skriv forslag til Palliativ plan

  6. Forslaget sendast til fastlege/sjukeheimslege

  7. Fastlege/sjukeheimslege kjem med innspel. Planen blir godkjent av lege.

  8. Pasient og pårørande godkjenner planen

  9. Palliativ plan blir merka med versjon 1

  10. Planen leggast ved innleggingsrapport ved innlegging på sjukehus

Etisk refleksjon

Det er viktig med systematisk bruk av etisk refleksjon. Før oppstart, undervegs og etterpå som evaluering. Etisk refleksjon er nødvendig i alt fagleg kvalitets- og forbetringsarbeid.

Det er viktig å sette av tid til etisk refleksjon i implementering av palliativ plan. Etisk refleksjon handlar om å hente fram verdiar, haldingar og tankar og gjerne klatre på kvarandre sine tankar. «Korleis gjer vi det i møte med pasienten, korleis informere om palliativ plan», «Korleis skal vi hjelpe kvarandre med innføring av Palliativ plan?»

For meir informasjon om etisk refleksjon, sjå "Etisk kompetanseheving på KS.no


Vidareutvikle

Etter kvart som ein har gjort seg erfaringar om å bruke palliativ plan bør ein utvide tilbodet og tilby til alle aktuelle. Målet må vere at det blir tatt i bruk på alle avdelingar og at ein etter kvart ikkje er avhengig av ressurspersonar/kreftkoordinatorar for å opprette ein plan.

Vedlikehald kompetanse

Det kan vere lurt å sette gjennomgang i bruk av palliativ plan inn i årshjul for gjennomgang av prosedyrer. Må også inn i opplæring av nytilsette. Som all anna nyutvikling og fagutvikling vil det ta litt tid for det sett seg og blir ein naturleg rutin​​e.

Vidareføring

Palliativ plan må inn som ein naturleg rutine i det palliative arbeidet.  

Fann du det du leita etter?