Ordet palliasjon kan enklast forklarast med lindrande behandling og omsorg. Forsking viser at det å få tilbod om palliasjon tideleg, kan vere med å auke levetid og livskvalitet.
Palliativ plan er eit dokument som skal sikre samhandling, planlegging og tilrettelegging av tiltak, slik at den som er sjuk og familien kan oppleve tryggleik og best mogeleg livskvalitet. Målet er å vere i forkant av ulike utfordringar, bidra til eit meiningsfylt liv og få fram det som pasienten synes er viktig for seg. Internasjonalt blir prosessen og kommunikasjon rundt ein palliativ plan kalla Advance Care Planning (ACP).
Planen er felles for pasienten, pårørande og helsepersonell, og blir til gjennom dialog og førebuande samtalar. Den skal følgje pasienten der han/ho er, om det er heime, på institusjon eller på sjukehus. Nokre har planen over fleire år, andre har den i ei kortare periode.
Brosjyre 2022 - Palliativ plan/ forhåndssamtale (pdf)
Kva er Pallaitiv plan og korleis kan vi bruke dette som verktøy?
Sjå filmen som viser prosessen med ein palliativ plan. Her følgjer vi Hans som har lungekreft. Han har palliativ plan over fleire år.
- Kva er palliativ plan?
- Korleis kan vi starte?
- Korleis tilby den til pasieten?
- Korleis skrive planen?
- Korleis gjennomføre førehandssamtale?
- Korleis oppdatere planen?
- Korleis følger planen pasienten feks ved innlegging på sjukehus?
- Korleis kan vi ha fokus på kva som er viktig for pasienten og pårørande?
Filmen vil også kome i mindre snuttar i eit E-læringsprogram. Filmen er fin å bruke til internundervsining.
Sjå kort introduksjonsfilm om Palliativ plan
Det er ein stor lettelse å ha fått min Palliative plan og å vete at legane og sjukepleiarane tar omsyn til mine ønske.
Pasient
Palliativ plan ved demens
Palliativ plan ved demens - intervju med prosjektleiar Tanja Yvonne Alme
Helseinnovasjonssenteret har i serien Helsepulsen intervjua prosjektleiar Tanja Yvonne Alme om palliativ plan ved demens. Sjå intervjuet her:
Innhald om Palliativ plan A-Å