Hofteproteseoperasjon, Kristiansund
Ein hofteproteseoperasjon kan vere aktuelt ved artrose i hofta, hoftebrot, medfødde skadar eller andre forandringar i hofta. Det øydelagde og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese. Ein veljer å setje inn ein hofteprotese etter at annan ikkje-operativ behandling er forsøkt og ikkje har hatt tilstrekkeleg effekt.
Symptom
Når brusken i hofta blir slitne, mister hofta sin naturlege glideflate. Det kan medføre stivleik, redusert bevegelse og svikttendens. Ein får smerter både ved belastning og etter kvert også i kvile og om natta. Nokre gonger oppnår ein ikkje god nok smertelindring med trening og bruk av smertestillande tablettar. Da kan det vere aktuelt å skifte ut hofteskåla og hoftekula med eit kunstig hofteledd, altså ein protese.
Samval
Når du har blitt syk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du samvalsverktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.
Du kan også finne meir informasjon om artrose på helsenorge.no.
Før
Ved dei fleste sjukehus blir du innkalla til ein førebuingsdag nokre veker før operasjonen. Då gjer vi nødvendige forundersøkingar og du får informasjon om den planlagde behandlinga frå kirurg, fysioterapeut, sykepleiar og anestesilege.
Når operasjonsdatoen er bestemt, tar du kontakt med kommunefysioterapeut/ ergoterapeut med tanke på hjelpemidlar etter operasjonen.
Nyttige hjelpemiddel
- hjelpemiddel til toalett
- dusjkrakk
- strømpepåtrekkar, gripetang og langt skohorn
Hugs å ta med krykker ved innlegging. Det kan også vere lurt å ta med klede som er lette å bevege seg i og sko som er lette å ta på og sit godt på foten.
Bedøving
Operasjonen blir vanlegvis utført i spinalbedøving/ryggbedøving, men kan også bli gjord i narkose. Etter avtale med anestesilege kan du saman med spinalbedøvinga få sovemedisin under inngrepet.
Hofteprotese
Det blir brukt veldokumenterte hofteprotesar. Det kunstige leddet består av ein plastforing (eventuelt keramikk), som blir festa i hofteskåla (bekkenet) og ein metallstamme med hoftekule som blir festa i lårbeinet. Protesedelane kan bli festa i beinet med eller utan bruk av beinsement.
Førebuingar heime
For å førebygge infeksjon i operasjonssåret, må du fjerne ringar, smykke, piercingar, naglelakk og sminke, og vaske deg med bakteriedrepande såpe eller serviettar kvelden før operasjonen. Instruksjon om dette får du på førebuingsdagen.
Faste og medisinar
På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil seie at du ikkje skal ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops etter midnatt. Du må bare ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt at du skal ta. Dette blir avklarat på førebuingsdagen i forkant av operasjonen.
Under
Ved hofteoperasjoner blir bedøvelsen i de aller fleste tilfellene gi i ryggen, en såkalt spinalbedøvelse, og du vil da kunne være våken. Av og til velges narkose i stedet i samråd med anestesilegen, og du vil da være bevisstløs under inngrepet.
En anestesisykepleier sitter ved deg under hele operasjonen. Han eller hun er kontaktpersonen din, og passer på at du har det bra. Du skal ikke kjenne smerte, men du vil merke litt bevegelse i kroppen mens ortopeden skifter leddet. Du vil også kunne høre bankelyder og andre lyder fra kirurgens arbeid.
Du kan høre på musikk under operasjonen dersom du ønsker dette. Ta med den musikken du ønsker å høre på. Dersom du heller vil sove litt kan du få avslappende medisiner.
Operasjonen blir utført under strenge hygieniske forhold. Hofteoperasjoner blir i dag gjort enten i sideleie eller ryggleie. Kirurgen åpner hofteleddet med et snitt ved hoften. Leddhodet fjernes etter at lårhalsen er kuttet. Denne delen blir erstattet av en protese i rustfritt stål eller titanlegering. Hofteskålen blir erstattet med en plastskål eller titanskål.
Protesene finnes i flere størrelser og ortopeden velger den som passer best for deg. De sementfrie komponentene blir banket på plass. Protesen gror så fast til beinet i løpet av uker eller måneder. Noen proteser blir festet med beinsement som blandes og tørker i løpet av få minutt.
Etter at leddhodet er montert på, blir hofteprotesen satt i ledd. Kirurgen sjekker beinlengden og at hoften er stabil ved vanlige bevegelser slik at den ikke seinere «går ut av ledd».
Operasjonstid for hofteproteser varierer noe, men ligger vanligvis på rundt 90 minutter.
Etter
Vanlig sjukehusopphald er 1–3 dager med dagleg trening og aktivitet. Du vil få instruksjon i øvingar og krykkegange av fysioterapeut mens du er på sykehuset. Egeninnsats er avgjørande for eit vellukka resultat.
Aktivitet
Det er viktig å komme seg raskt på beina. Allerede 3–5 timar etter operasjonen kan du, med hjelp, komme ut av senga. Fra første dag etter operasjonen skal du gå med 2 krykker eller andre eigna hjelpemiddel.
- Du kan i regelen belaste den opererte hofta.
- Du kan komme ut og inn frå seng både på operert og uoperert side.
- Du kan liggje på uoperert side etter operasjonen med pute mellom beina. Du kan også liggje på magen. Du kan liggje på operert side når såret har grodd (2–3 veker) og det ikkje er smertefullt.
Smerter
Det er vanleg med smerter i dagane og vekene etter operasjonen. Det er ikkje farleg å bruke hofta sjølv om det er litt smertefullt. Du vil få smertestillande tablettar som dempar smertene til et akseptabelt nivå. Medisinane blir trappa gradvis ned etter kvart som smertene avtar. Dei fleste får ei smertefri og velfungerande hofte, men det kan ta tid (hos enkelte inntil 1 år) før smertene er heilt borte og bevegelsen optimal.
Forsiktigheitsreglar
Restriksjonar etter hofteprotesekirurgi varierar noe mellom sjuehusa og avheng også av kva for kirurgisk metode som er nytta. Vanlege restriksjonar kan vere:
- Unngå å bøye deg framover med knea peikande innover og foten plassert ut til sida, i 3 månadar, «kalvbeint stilling».
- Unngå å sitje med beina i kryss, og å krysse operert bein over midtlinja, dei første 3 månadene.
- Du kan plukke opp ting frå golvet ved å strekkje operert bein bak når du bøyer deg (se bilde under).
- Du kan bøye deg fram og la knea falle til sida, «froskestilling», når du ikkje merker stramming/ubehag i operert hofte.
Etter utskriving
Hevelse og misfarga bein på operert side er vanleg på grunn av økt væske– og blodansamling. Dette kan du sjå heilt ned i anklane. Det vil gradvis forsvinne av seg sjølv. For å redusere hevelsen kan du liggje med beinet høgt og overkroppen lågt. Lett aktivitet og sirkulasjonsfremmande øvingar kan også bidra til å redusere hevelse.
Sårpleie
Huden blir lukka enten med ein oppløyseleg tråd som ikkje skal bli fjerna, eller med tråd/stiftar som må bli fjerna etter 2–3 veker. Bandasje byttast ved behov. Korleis du skal forhalde deg til både stinga og bandasjen, vil du få informasjon om før utreise. Vi tilrår å unngå bading i basseng/badekar/saltvann dei første 3 vekene.
Trening/krykker
Det er viktig med dagleg aktivitet og trening etter utreise frå sjukehuset. Treninga vil dei fleste klare på eiga hand. Krykkene kan bli avvikla etter 4 veker når du kan gå normalt utan å halte. Avvik kan førekomme i individuelle tilfelle. Du vil få informasjon om og trene på dette under opphaldet.
Aktivitetar
Turgåing og andre lettare aktivitetar blir tilrådd. Du kan ha seksuelt samvær så lenge du overheld gjeldande restriksjonar.
Sjukemelding/reseptar
Vanlegvis treng du sjukmelding i 2–8 veker, avhengig av kva type jobb du har. Du får med deg resept på smertestillande medisinar og blodfortynnande sprøyter.
Bilkøyring
Bilkøyring bør du vente med til du har avvikla bruken av krykker, og beinet kjennest sterkt nok til å klare bilkøyring. Du skal heller ikkje køyre bil om du bruker smertestillande medisinar med raud varseltrekant på. Det er veitrafikkloven som gjeld.
- Inn og ut av bil som passasjer: still setet langt tilbake og tipp rygglenet godt bakover.
Kontroll på flyplassar
Ein protese kan utløyse alarmen ved sikkerhetskontroll. Det vil vanlegvis vere nok å forklare at du har ei hofteprotese og eventuelt vise fram arret. Du kan også få ein bekreftelse frå sjukehuset om at du har protese, om du ønskjer det.
Etterkontroll
Du vil bli innkalt til kontroll hos lege eller fysioterapeut omlag 3 månader etter operasjonen.
Moglege komplikasjonar
Dei vanlegste komplikasjonane i forbindelse med hofteproteseoperasjon er infeksjon og at hofta går ut av ledd (luksasjon). Begge førekjem hos omlag 1 prosent av pasientane. Det er viktig at du raskt tek kontakt med avdelinga, dersom det oppstår akutte sterke smerter eller tekn til infeksjon (sjå meir under «Faresignal».) Det kan også førekomme nerveskade, men dette er sjeldan og oftast heilt eller delvis forbigåande. Blodpropp skal førebyggjast med rask mobilisering og blodfortynnande sprøyter, eventuelt også med komprimerande strømper. Det er også tilrådd at du unngår lange flyreisar dei første 6 vekene etter operasjonen. Nokre gonger oppstår ein beinlengdeforskjell, oftast ved at det opererte beinet blir lengre. Då kan det vere nødvendig å bruke innleggssåle i motsatt sko.
Informasjon frå fysioterapeut
Øvingar for hofte etter proteseoperasjon.
NB! Dei liggjande øvelsane skal ikkje gjerast på golvet, men i einseng, på ein sofa, på ein benk eller liknande.
- Stram setemusklane og press begge knea ned i underlaget. Hold i nokre sekund. Slipp opp.
- Bøy opp i kne og hofte og trekk hælen langs underlaget. Strekk deretter beinet ut igjen.
- Bøy opp i anklane. Før beina frå kvarandre og deretter roleg inn igjen. Ikkje lyft beina frå underlaget.
- Liggande setelyft: Ligg på ryggen med bøyde knær. Knip setemusklane saman og lyft bekkenet og nedre del av ryggen frå underlaget. Senk rolig ned igjen.
- Ståande tåhev med støtte: Stå bak ein stol og støtt deg med hendene til stolryggen. Lyft deg opp på tærne med begge beina og senk deg rolig ned igjen.
- Støtt deg i en stol eller liknande. Sett opererte bein litt bak det andre – tærne i bakken. Strekk ut ved å føre hælen mot bakken. Kjenn at du bruker lårmusklane og setemusklane når du strekkjer ut.
- Støtt deg til en stol, inntil ein vegg eller liknande. Før det opererte beinet ut til sida og før det kontrollert ned igjen. Det kan vere greitt å ikkje ha sko på opererte bein når du gjer denne øvinga.
- Støtt deg med begge hendene på ein stolrygg eller liknande. Stå med føtene i skulderbreiddes avstand. Bøy i hofter og knær med lik tyngde på begge bein. Reis deg opp igjen når du har nådd posisjonen på figuren.
- Trappegang opp med krykker: Opp med det friske beinet først, deretter operert bein og krykker.
- Trappegang ned med krykker: Sett krykkene ned eit trinn, deretter følger operert bein. Det friske beinet til slutt. Krykkene følgjer alltid det opererte beinet.
Ved utreise blir det avtalt kontrolltime hos ortoped tre månader etter operasjonen. Då skal du også ta røntgen.
Nødvendige papir som sjukemelding, reseptar etc. får du med deg når du dreg heim.
Unngå bøy >90O i hofteleddet. Operert bein skal ikkje krysse kroppen si midtlinje. Bruk to krykker i seks veker etter operasjonen om ikkje anna er avtalt. Du kan køyre bil når styrken i beinet tillet det. Du kan ha seksuell omgang med forsiktigheit. Ta det roleg med huslege aktivitetar. Unngå å stå lenge. Aktivitetar utover dette avklarer du med lege før utreise.
Ver merksam
Teikn til infeksjon er vedvarande siving frå såret, du utvikler feber, aukande smerter, væsking frå operasjonssåret eller raudheit rundt operasjonssåret. Ta kontakt med avdelinga umiddelbart om du mistenkjer infeksjon.
Kontakt
Kristiansund sjukehus
5-døgns post ortopedi Kristiansund
Oppmøtestad
5-døgnsposten ligg på plan 2.
Adresse
-
I dag
- 14:00 - 15:00
- 18:00 - 19:00
Kristiansund sjukehus
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Transport
Praktisk informasjon
Kurs
- Dato kjem