Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Kliniske studiar

Målet med kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er å få auka kunnskap om sjukdommar som kan ramme oss, kva typar behandling som kan givast, og kva behandling som er den beste. Her finn du mellom anna informasjon om kliniske studiar, Klinisk Forskingspost, og oversikt over kliniske studiar.

Kontakt Seksjon for kliniske studiar

Kva er kliniske studiar?

Kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er studiar som blir utført på menneske for å undersøke verknad av legemidlar eller andre behandlingsmetodar, men òg for å undersøke korleis medikament omdannast i kroppen og om biverknader er akseptable. Her finn du meir utdjupande informasjon om kliniske studiar, korleis du kan delta i ein klinisk studie, og potensielle ulemper og fordelar med å delta i slike studiar.
Les meir om kliniske studiar
Bilde av to beholdere med væske i

Oversikt over kliniske studiar

Kliniske studiar kan vere alt frå utprøving av nye legemidlar, trenings- og rehabiliteringsprogram, kirurgiske metodar, spesielle diettar, eller bruk av medisinsk utstyr. Her finn du ein oversikt over kliniske studiar. Du kan også filtrere studiar som Helse Møre og Romsdal er deltakande eller forskingsansvarleg institusjon for.
Sjå oversikt over kliniske studiar
Bioingeniør og studiekoordinator

Klinisk Forskingspost og BioBank1

Klinisk Forskingspost HMR (populært kalla «Forskingsposten») opna i 2017 for å hjelpe fram klinisk forsking i sjukehusa og tilbyr brei klinisk forskingsstøtte. Her finn du informasjon om Klinisk Forskingspost og kva tenester vi kan tilby deg dersom du planlegg ein klinisk studie men mangler studiehjelp, utstyr og lokale.
Les meir om Klinisk Forskingspost
forskpost

Forsking og innovasjon

Kliniske studiar skal vere eit bidrag for å auke forsking og innovasjon på det regionale, nasjonale og internasjonale nivå. Forsking og innovasjon i Helse Møre og Romsdal skal bidra til ny kunnskap om helse og sjukdom, og auke kvaliteten på behandlinga pasienten får.
Gå til Forsking og innovasjons hovudside
Forskere

Samarbeidande aktørar knytt til kliniske studiar ved HMR

Helse Møre og Romsdal samarbeider med fleire interne og eksterne partnarar og bedrifter for å kunne tilby pasientar ved alle medisinske avdelingar og klinikkar ved sjukehusa utprøvande behandling.
Sjå dei ulike samarbeidspartnarane
Samarbeidande aktørar knytt til kliniske studiar ved HMR

Relevante ressursar og organ

Sist oppdatert 25.04.2024