Undersøking, Magnetisk resonans
MR-undersøking
Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber inga form for røntgenstråling.
MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjartet, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusiv tarmsystemet.
Tilvising og vurdering
Før
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du:
- har pacemaker
- har høyreapparat
- har klips på blodkar i hovudet
- har metallsplint i auget
- er gravid
- har anna innoperert metall i kroppen og elektronikk
Sjekkliste: Dette må fjernast før undersøkinga:
- Klokker, bank- og kredittkort: Desse kan bli øydelagde av magnetfeltet.
- Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke: Desse kan bli trekte inn mot apparatet i stor fart.
- Høyreapparat: Det kan bli påverka av magnetfeltet.
- Tannprotesar: Dei kan forstyrre i bileta og lause tannprotesar må bli tekne ut om du skal undersøkje hovudet/halsområdet.
- Augesminke: Den kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
Har du klaustrofobi?
Amming
Under
Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. Avhengig av kva område på kroppen som skal undersøkjast, ligg du med hovudet eller beina først.
Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga skjer.
Skal du undersøke bekkenorgana, kan det vere nødvendig å sette ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å røre seg ei lita stund. Tarmrørsler kan elles gi forstyrringar i bileta.
Undersøkingstida varierer frå 15 minutt til 1 1/2 time, avhengig av kva område som skal undersøkjast og kor mange bilete ein skal ta.
Gjer det vondt?
Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Du kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.
Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal komme godt fram på bileta. Forutan eit stikk i armen, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.
Etter
Er du innlagd på sjukehuset, kjem du tilbake til avdelinga. Dersom du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Elles kan du reise heim når du er ferdig. Har du brukt avslappande medikament, bør du ikkje køyre bil sjølv.
Resultatet av undersøkinga
Ver merksam
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
For pasientar med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR- kontrastmiddel.Det blir tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. MR-kontrastmiddel kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.
Dersom det er aktuelt å gi deg kontrast i forbindelse med undersøkinga vil det i nokre tilfelle vere behov for å avklare nyrefunksjon ved hjelp av ein blodprøve. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt.