Søkarlista til leiarstillingar er klar

1. juli gjekk den forlenga søknadsfristen ut for dei ledige stillingane som fagdirektør, klinikksjef akuttmedisin, klinikksjef kirurgi, klinikksjef barn, unge og kvinner og organisasjons- og kompetansedirektør. I dag offentleggjer Helse Møre og Romsdal søkarlista. 

 

Talet på søkarar til stillingane varierer, og størst interesse er det for stillinga som direktør for organisasjon og kompetanse (HR).

- Eg er glad for at mange sterke kandidatar har søkt på våre leiarstillingar. Vi vil gjennomføre intervjuer med utvalgte søkarar i august, seier adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.

Søkjerlista finn du her

Les også:
Forlenger søknadsfrist til stillingar som klinikksjefar og stabsdirektørar
Betydelege endringar i toppleiargruppa

Bakgrunn

Sidan samanslåinga av Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre til eitt helseføretaket i 2011 har det vore planlagt at organisasjonsmodellen skulle bli evaluert. Hausten 2014 blei det gjennomført ei evaluering av noverande modell, der det kom tydelege signal frå tilsette og leiarar om behov for å gjere grep i dagens organisering. I februar 2016 var det intern høyring på kva organisasjonsmodell helseføretaket burde ha, og i mars blei det vedteke ein tverrgåande modell med vekt på stadleg leiing. I midten av august skal det vere ei ny intern høyring der forslag til prinsipp for organisering på nivå 3 og 4 (avdelings- og seksjonsnivå), og organisering av stadleg leiing skal leggast fram for dei tilsette.