Undersøking
Epikutantest ved allergi
Ved epikutantest, også kalla lappetest, legg vi testmateriale i små kammer direkte på huda, vanlegvis på ryggen. Testen blir brukt ved mistanke om allergi mot stoff som kjem i kontakt med hud. Testmaterialet skal ligge på i 48 timar. Testen blir lest av etter 72 timar, i nokre tilfelle også etter fem til sju dagar.
Før
Du må ikkje smøre huda på ryggen med kortisonkremar dei siste to til tre vekene før testen skal bli lagt på. Dersom du bruker Prednisolon-tablettar over 10 mg per dag, kan du ikkje ta testen. Du bør ikkje ha fått sol på ryggen dei siste fire vekene før testen blir lagt. Dersom du mistenker at du reagerer på spesielle produkt (kosmetikk, kremar o.l.), kan du ta med desse til konsultasjonen.
Under
Testkamrene/testmaterialet tapes fast med plaster på ryggen. Vanligvis blir testområdene markerte med tusj. Av og til plastrer vi en liten bit av stoffet vi mistenker allergi mot direkte på huden.
Prosedyren kan ta opp til en halvtime, avhengig av hvor mange tester som skal legges.
Etter
- Unngå kroppsleg aktivitet som framkallar sveitte.
- Du må ikkje bade/dusje eller vaske hudområdet der tapen er festa, i tida før du skal til lege for avlesing av testen.
- Ikkje utsett testområdet for sol.
- Unngå å klø på hudområdet der testen ligg.
- Unngå store bevegelsar og gnissing mot testområdet (plasteret kan losne).
Ver merksam
Det er sjeldan med komplikasjonar etter epikutantesting. I nokre tilfelle kan reaksjonen på testmaterialet bli så kraftig at utslettet må bli smurt ned med sterke lokale steroid i nokre dagar for å dempe kløe.