Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Møteplass Møre og Romsdal

Fastlegar og andre tilvisarar

Møteplass Møre og Romsdal består av fleire ulike tiltak som skal sikre samhandling og oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane for å få til best mogleg utredning og behandling.

Feriestengde avdelingar i jula

Her finn du oversikt over kva avdelingar som har feriestengt i jula.

Feriestengde avdelingar
Ei julestjerne i gult og grønt lys

Dokumentet er utarbeida i samarbeid mellom klinikkane, kommuneoverlegar og samhandlingslegar som representantar for fastlegane ved dei fire ulike lokalsjukehusområda. Målet med dokumentet er å ha ein skriftleg rettleiar for oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane. Ein har vidareført eit mangeårig godt samarbeid, men mellom anna av pasientsikkerheitsgrunner, har ein sett behovet for å gjere denne oppgåvefordelinga skriftleg. Dokumentet har vore ute på høring i alle klinikkar og i kommunane.


Eldre retningsline Møteplass Møre og Romsdal: Samarbeid mellom fastleger og sykehus frå 2018.pdf

Pakkeforløp for psykisk helse og rus Anbefalingar om samarbeid mellom fastlegar og spesialisthelseteneste

Rekning for legeledsagelse med ambulanse

Vi har ein ønska utvikling innan medisin der ny kunnskap og ny teknologi gjer at oppgåver no kan få ny behandlingsstad. Dette gjer at «rett oppgåve på rett stad til rett tid» i dag ofte skjer nærare heimen til pasienten enn for berre få år sidan.  
Oppgåver vert flytta frå St Olavs hospital til sjukehusa i Møre og Romsdal og oppgåver vert flytta frå sjukehusa til kommunane. Ny teknologi kan gjere at nokre oppgåver vert flytta frå helsevesenet til pasientane. Oftast vert oppgåvene flytta nedover i behandlingskjeda, men ny kunnskap gir nye moglegheiter til at oppgåver også kan flyttast oppover i systemet.

Vurdering

Nokre gonger kan klinikkar eller leiar stille spørsmål om oppgåva vert gjort på feil stad eller til feil tid. Dersom ein vurderer at ei oppgåve burde vore utført på eit anna behandlingsnivå, meldast dette til samhandlingsoverlege og leiar for samhandlingsordninga Stian Endresen eller til samhandlingssjef for drøfting i praktiskonsulentmøte. 

Utifrå kompleksiteten i oppgåva, vuderer samhandlingslegane behov for ei eventuell grundigare analyse og konsekvensar av oppgåveomfordelinga, før informasjonen vert sendt til fastlegane. Det kan og vere aktuelt at forslag til oppgåveomfordeling vert drøfta som sak i Fagleg samarbeidsutval for behandlarsamarbeid i Helsefellesskapet. Leiar for samhandlingsordninga gjer denne vurderinga. På denne måten kan ein på førehand sikre ei god oppgåvevurdering og forankring blant behandlarar i Helse Møre og Romsdal HF, i kommunane og brukarutval, dersom omfanget av endringa tilseier det. 

Felles behandlarfagråd i Møre og Romsdal har eksistert sidan 2018 og vart våren 2021 erstatta med nytt Faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid. Målet for utvalet er å betre samhandlinga mellom behandlarar i spesialisthelsetenesta og kommunane.

Gå til sida om faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid

Samarbeidsutvalet sine oppgåver:

Faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid skal gi råd om vesentlige forhold i behandlar til behandlarsamarbeidet mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta som tek i vare pasientforløp og god utnytting av ressursar på begge nivå.

Forslag om endra oppgåvefordeling mellom avdelingar i Helse Møre og Romsdal og fastlegar skal vurderast med tanke på pasientsikkerheit, ressursbruk og om det kan sameinast med dagens arbeidsform i sjukehus og fastlegepraksis. Samarbeidsutvalet skal vere høringsinstans for forslag til standardiserte pasientforløp som involverer både primær og spesialisthelsetenesta.

Melde saker:

Fastlegar, kommunar, bedriftsleger, avtalespesialister, brukarar/pårørande, fylkesmannen, sjukehus og samarbeidsorgan mellom sjukehus og kommunar kan melde saker som gjeld samhandling og oppgåvefordeling mellom sjukehus og behandlarar/fastleger i kommunane. I tillegg kan samarbeidsutvalet på eige initiativ ta opp relevante saker til drøfting.

Saker kan meldast til
Stian Endresen, leiar for samhandlingsordninga og leiar for faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid
E-post: Stian.Endresen@helse-mr.no

Oppfølging av saker:

I saker som inneberer vesentlige endringar i samarbeidet mellom legar i sjukehus og kommune så vil samarbeidsutvalet sende forslaget til drøfting til:
a) Lokale samarbeidsutval (LSU) , tillitsvalte, allmennlegeutval og kommuneoverlegane i Møre og Romsdal
b) Seksjon for samhandling i HMR, tillitsvalte og aktuelle klinikkar

Etter ny drøfting i faglig samarbeidsutval vert saker sendt til Strategisk samarbeidsutval. Les meir om ny organisering gjennom Helsefellesskap Møre og Romsdal

Tidlegare referat frå Felles behandlarfagråd

2019.04.09

2019.06.19

2019.10.16

2019.11.20

Samarbeidsordninga for spesialisthelsetenesta og fastlegane skal bidra til å betre samarbeidet mellom legar i kommunehelsetenesta og legar i sjukehus innafor tema knytt til  diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar. 

Les om ordninga og finn kontaktinformasjon til samhandlingslegane i HMR her

Hospiteringar for fastlege hos sjukehusspesialist i Helse Møre og Romsdal.

Skjema og attest for strukturert hospitering på sjukehus - Helsedrektoratet (pdf).

Dersom du som fastlege ønsker dagshospitering hos sjukehusspesialist kan du ta kontakt med følgande personar:


Etter hospitering fyller du ut skjema hospitering (pdf) og sender det til Kurskomiteen i Møre og Romsdal legeforening ved Bente Grønnesby som vidaresender dette for godkjenning. E-post: Bente.gronnesby@legeforeningen.net

Skjema må attesterast av den sjukehuslegen du hospiterte hos. Ein dag med strukturert hospitering kan gi deg 10 kurspoeng du kan bruke i vidare- og etterutdanning i spesialiteten allmennmedisin.

Tilvisingar, både frå fastlege, avtalespesialist og kommune (sjukeheim), skal sendast elektronisk via journalsystemet.

Du finn meir informasjon om tilvising på denne sida

Du kan velge mellom alle offentlege behandlingsstadar. For å få dekka utgifter til undersøking eller behandling ved ein privat behandlingsstad, må behandlingsstaden ha avtale med eit regionalt helseføretak eller ei godkjenning fra HELFO for den aktuelle behandlinga.

Alle behandlingsstader som rapporterer ventetider

Ventetid Medi 3 Ålesund

Ventetid avtalespesialister i Midt-Norge

Felles dialogmøte/fastlegemøte er for Helse Møre og Romsdal ein viktig møteplass med fastlegane, andre legar og kommunalt tilsette legar. Fastlegane sin posisjon som tilvisar betyr at dei både er «døropnar og portvakter» for pasientstraumen inn til Helse Møre og Romsdal. Dette gjer at samhandling mellom føretak og denne legegruppa er ekstra viktig.

Fastlegar er avhengig av kontinuerlig oppdatering om Helse Møre og Romsdal (HMR) sine tilbod. HMR har som dei fleste andre helseføretak hatt slike legemøte gjennom mange år. Dei siste åra har ein jobba for å få på plass slike møteplassar ved alle lokalsjukehus.

Møta blir arrangert på kveldstid to gongar i året i kvart lokalsjukehusområde. På desse møta diskutererer vi faglege problemstillingar, lokaltilpassa samhandling og forventningar til utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar. I tillegg er det oftast matservering. 

Sjukehuslegar, fastlegar og Helse Møre og Romsdal sine leiarar held faglege innlegg som blir avslutta med ein fagleg diskusjon mellom sjukehusleger og fastlegar. Avtalespesialister blir og invitert inn som forelesarar.

Samhandlingslegane står for førebuing og gjennomføring av møta. Ulike fagpersonar kjem med forslag om tema og problemstillingar som dei ønsker på dialogmøta. Dersom du har ønske om tema kan du sende e-post til lokal samhandlingslege med forslag. Dersom drøftingar på møta fører til endring av samhandlingsrutinar, blir endringane sendt ut skriftleg i etterkant av møta.

Innspel om tema til fagmøta sendast til:

Volda: Stian Endresen, e-post: stian.endresen@helse-mr.no  
Ålesund: Sofie Møller-Christensen, e-post: sofie.moller-christensen@helse-mr.no  
Molde: Thilde Camilla Svela, e-post: Thilde.Camilla.Svela@helse-mr.no  
Kristiansund: Andreas Nybrott Hals, e-post: andreas.nybrott.hals@helse-mr.no

Påmelding til fastlegemøta/dialogmøta til:

Fredrik Møller-Christensen
fredrik.moller-christensen@helse-mr.no

Pasient- og pårørandeopplæring

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper.

Finn eit opplæringstilbod
Mor og barn

Fag og forsking

Helse Møre og Romsdal samarbeiar med Det medisinske fakultet ved NTNU. Her finn du informasjon retta mot fagpersonell og forskarar med helse som forskingsfelt, men sidene gir også informasjon om vår faglege verksemd til publikum for øvrig.
Fag og forsking
Illustrasjon fag og forsking
Maŋemus ođastuvvon 2024-10-10