Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en persons hender

Palliativt team Kristiansund

Palliativt team er ei tverrfagleg gruppe som gir råd og rettleiing til pasientar som har ein sjukdom ein ikkje kan bli frisk av. Vi samarbeider med fleire yrkesgrupper og har ein spesiell kompetanse innen kreft, palliasjon og anestesi. Vi ønsker at pasient og pårørande skal oppleve best mogleg livskvalitet.

Palliativ (lindrande) behandling er definert som aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar som har ein sjukdom ein ikkje blir frisk av.
Palliativt team ønsker å legge til rette for at pasienten får vere mest mogleg heime, eller så nær heimen som mogleg. Vi vil samarbeide om god organisering av tenester som den enkelte pasient og pårørande har behov for. Vi arbeider for å styrke fagkunnskap hos helsepersonell gjennom rådgiving og undervisning. Teamet er eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunane. 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Plan 0, inngang H ved Kristiansund sjukehus.
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Praktisk informasjon

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Pusterommet i Kristiansund

Pusterommet i Ålesund 

 

Palliativ plan

Det å ha ein palliativ plan kan vere med å skape tryggleik for deg og dine, og for dei som skal hjelpe deg.
Les meir om kva andre pasientar og pårørande synest om palliativ plan
Ei hand å halde i

Kva er palliativ plan?

Palliativ plan er eit tilbod til pasientar som har ein livstruande sjukdom som ikkje kan kurerast.
Les meir og sjå video om palliativ plan
En mann som snakker med en kvinne