Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Bildet viser menneske i ulike periodar av livet. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

Utdanning og kompetanseutvikling

Helsepersonell si utdanning og kompetanse skal svare på innbyggjarane sine behov og vere kunnskapsbasert, relevant og ha god kvalitet.

Kontakt utdanning og kompetanseseksjonen

Målet for all kompetanseutvikling er stadig betre helsetenester både i spesialisthelsetenesta og i kommunane der folk bur.

UTDANNING AV HELSEPERSONELL 

Grunn- og vidareutdanning av helsepersonell vert tilbydd ved høgskular og universitet og praksisstudiar skjer i helseføretak og kommunar. Turnustjenesten er ein naudsynt del av nokre grunnutdanningar og er eit vilkår for autorisasjon som lege, fysioterapeut og kiropraktor.

Sjukehusa i Møre og Romsdal treng fleire spesialsjukepleiarar. 

Sjukepleiarar som ønskjer masterutdanning i spesialsjukepleie, så vert det lyst ut utdanningsstillingar ca 1. februar med søknadsfrist cirka 1. mars.  

Studieretninger som prioriteres til utdanningsstillinger og antall stillinger varierer fra år til år, og er basert på foretakets behov. Utdanningsstillingene dekker 90% lønn i 1,5 år (unntak jordmor: 90% lønn i 2 år). Mastergradsarbeidet (30 studiepoeng) må avtales med seksjonsleder. Bindingstiden er på to år, og mastergraden kan tas i denne perioden. For å kvalifisere til en utdanningsstilling må du ha to års relevant yrkeserfaring, og ha kommet inn på et relevant studieprogram i Norge. Relevante kandidater kalles inn til intervju i løpet av vår/sommer.  

Se også: Dokument «Retningslinje for heltids videreutdanning AABIOK i HMR», ID 34329 - EQS (helse-midt.no) 

 

Kontakt utdanning@helse-mr.no for meir informasjon


Seksjon for utdanning og kompetanse er ansvarleg for koordinering av praksisplassar i HMR. For spørsmål kontakt utdanning@helse-mr.no
Praksisplassar i HMR - Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no)​ 

​SAFH gir profesjonsgodkjenning til helsepersonell. Det er 28 yrkesgrupper i det norske helsevesenet som er lovregulert, Lov om helsepersonell § 48. I desse yrka krevst profesjonsgodkjenning, anten autorisasjon eller lisens.

Helse- og omsorgsdepartementet stiller krav om eit kvalitativt godt tilbod og tilstrekkeleg kapasitet i utdanninga av helsepersonell som har spesialisthelsetenesta som læringsarena. Dette gjeld for helsepersonell i grunnutdanning, turnus og i vidare- og etterutdanning. Utdanning av helsepersonell i spesialisthelsetjenesten vert årleg omtala i departementet sin budsjettproposisjon og i tildelingsbrevet til Helsedirektoratet.

På desse sidene finn du både informasjon om LIS 1 og offentleg utdanningsplan for alle våre spesialitetar, og du finn og informasjon om tilbodet både på og utanfor dei ulike sjukehusa våre. Her er og kontaktinformasjon til oss dersom du har spørsmål. Velkomen til Møre og Romsdal!

Les meir om LIS-utdanninga i Helse Møre og Romsdal

FAG OG KOMPETANSEUTVIKLING

Treng du fagleg påfyll? Hald deg oppdatert med våre kurs.

Læringsportalen inneheld både e-læringskurs, videoar og kurs (fagmøte, konferansar). Innhaldet er primært retta mot tilsette, men ein del av kursa er også tilgjengelege for til dømes nye tilsette, studentar og samarbeidspartar i kommunar, utdanningsinstitusjonar og andre regionale helseføretak.

Kurs for primærhelsetenesta

Lærings- og meistringssenteret ved HMR​ held også kurs for helsepersonell både i spesialisthelsetenesten og i kommunar, til dømes kurs i helsepedagogikk og praktisk kurs i formidling (presentasjonsteknikk). 

Fagbiblioteket er eit medisinsk bibliotek tilgjengeleg for alle tilsette i helseføretaket, og støtter opp om vidareutdanning, forsking og kompetanseheving. Les meir om tenesta

Helse Møre og Romsdal nyttar simulering som pedagogisk verkty. Dette bidreg til auka fagleg kompetanse og betre pasienttryggleik. ​

Les meir om simulering


SAMARBEID MED UNIVERSITET OG HØGSKULE 

Det lokale samarbeidsorganet (LSO) har ein rådgjevande funksjon i saker innan forsking, utdanning og innovasjon. Organet er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF, brukarutvalet, universiteter og høgskuler i regionen.

Les meir om Samarbeidsorganet i Møre og Romsdal

Utdanning av helsepersonell er ei av fire lovfestede hovedoppgaver for helseforetakene under Lov om spesialisthelseteneste §§ 3-5, 3-8 og Lov om helseføretak §§ 1 og 2. 

Helse Møre og Romsdal samarbeider med utdanningsinstitusjonar om grunn- og vidareutdanningar både når det gjeld kvalitet, innhald, praksisstudiar, samt om forskarutdanning.

Utdanningsinstitusjonar:
Høgskolen i Molde 
Høgskolen i Volda
NTNU Trondheim
NTNU Ålesund

Samarbeidsorganet mellom HMN og universitet og høgskular i regionen​​  

Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling mellom fagpersonell skal bidra til gode helsetenester og heilskaplege pasientforløp. Det skal løne seg å førebygge sjukdom og pasienten skal få betre behandling der dei bur. Samhandlingsreformen – Rett behandling – på rett sted – til rett tid.

Helse Møre og Romsdal vil gjennom ulike kurstilbod, e-læringskurs og video bidra til kompetansebygging knytt til grunnleggande oppgåver i dei kommunale helse- og omsorgstenestane. I tillegg vil det vere aktuelt å samarbeide med fagnettverk og utdanningsinstitusjonar om felles kurs eller konferansar.

Kompetanseutvikling handlar både om utdanning og intern opplæring. Gjensidig kunnskapsoverføring mellom spesialisthelsetenesta og kommunar, samt andre samarbeidspartar er også ein dimensjon ved kompetanseutvikling.

Utdanning av helsepersonell i spesialisthelsetenesta handlar om grunn- og vidareutdanning, forskarutdanning, spesialistutdanning for legar spesielt og ulike typar kurs.

Intern opplæring handlar om planlegging og tilrettelegging av undervisning og læringsaktivitetar som understøttar organisasjonen sitt behov for utvikling og kontinuerleg forbetring, samt kvalitet og sikkerheit for pasientar og personell.

Gjensidig kunnskapsoverføring handlar om samhandling og samarbeid om kunnskap og kompetanseutvikling med det føremålet å bidra til gode helsetenester for våre innbyggjarar.

Strategi for utdanning og kompetanseutvikling i Helse Midt-Norge 2015-2020 ​


Helse Møre og Romsdal sitt utdanningsutval er rådgjevande organ for direktør/fagdirektør i spørsmål kring utdanning og kompetanse. Utvalet skal mellom anna føreslå framtidige strategiske satsingar, vurdere ​utdanningskapasitet og utdanningskrav for føretaket.

Utvalet vert leia av kst. utdanningssjef Guro Berge og består elles av representantar frå klinikkane, fagavdelinga og HR-avdelinga. Ved samansetjing av utvalet vert det lagt vekt på engasjement for utdanning og kompetanse.

Utvalet pr 27. mai:

Nina Garshol  HR-sjef - HR-avdelinga 
Marit Kjersem - Helsefagsjef Fagavdelinga
Camilla Pedersen - Ass. seksjonsleder Avdeling for medisinsk biokjemi
Anette Lekve  -Foretakstillitsvalgt NSF Norsk Sykepleierforbund
Åse Hagen Morsund Overlege nevrolog Avdeling for medisin og nevrologi
Erik Kjetså Foretakstillitsvalgt Yngre Legers Forening (YLF)
Kirstin Hovde Seksjonsleder Avdeling for medisin og døgnopphald
Andreas Follesø Seksjonsleder Avdeling for sjukehuspsykiatri
Guro Berge Utdanningssjef Fagavdelinga
Gro Birkeland Seksjonsleder Avdeling Volda sjukehus
Stian Endresen Praksiskonsulent Kommunikasjons- og samhandlingsavdelinga
Grete Fylling Intensivsykepleier Avdeling akutt, operasjon og intensiv
Palma Hånes Klinikksjef Avdeling Volda sjukehus
Dag Arne Lihaug Hoff Forskingssjef Fagavdelinga
Bjørg Aksnessæther Overlege onkologi Avdeling for kreftbehandling​


 

​​


Forskings- og utdanningsnytt

Våre spesialistutdanningar (LIS2)

Helse Møre og Romsdal tilbyr 33 spesialistutdanninger på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Her finn du ei oversikt over utdanningsområda.
Legar i spesialisering

Jobbe hos oss

Vi treng dyktige og engasjerte kollegaer som vil vere med å skape eit framtidsretta og nytenkande helsevesen til glede for pasientane. Helse Møre og Romsdal er ein arbeidsplass med gode moglegheiter for både fagleg og personlig utvikling. I tillegg til helsepersonell har vi behov for arbeidskraft knytt til teknisk drift, økonomi og administrasjon.
Her finn du våre ledige stillingar
Kollegaer ønsker deg velkomen til oss
Maŋemus ođastuvvon 2024-04-25