We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Illustrasjonsbilde frå colorbox

Palliativ plan

Her finn du alt om forhåndssamtalar og palliativ plan

Ordet palliasjon kan enklast forklarast med lindrande behandling og omsorg. Forsking viser at det å få tilbod om palliasjon tideleg, kan vere med å auke levetid og livskvalitet.

Palliativ plan er eit dokument som skal sikre samhandling, planlegging og tilrettelegging av tiltak, slik at den som er sjuk og familien kan oppleve tryggleik og best mogeleg livskvalitet. Målet er å vere i forkant av ulike utfordringar, bidra til eit meiningsfylt liv og få fram det som pasienten synes er viktig for seg. Internasjonalt blir prosessen og kommunikasjon rundt ein palliativ plan kalla Advance Care Planning (ACP).

​Planen er felles for pasienten, pårørande og helsepersonell, og blir til gjennom dialog og førebuande samtalar (forhåndssamtale). Den skal følgje pasienten der han/ho er, om det er heime, på institusjon eller på sjukehus. Nokre har planen over fleire år, andre har den i ei kortare periode.

Brosjyre 2022 - Palliativ plan/ forhåndssamtale (pdf)

 
Last updated 4/25/2024