Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Palliativ plan
Her finn du alt om forhåndssamtalar og palliativ plan
Ordet palliasjon kan enklast forklarast med lindrande behandling og omsorg. Forsking viser at det å få tilbod om palliasjon tideleg, kan vere med å auke levetid og livskvalitet.
Palliativ plan er eit dokument som skal sikre samhandling, planlegging og tilrettelegging av tiltak, slik at den som er sjuk og familien kan oppleve tryggleik og best mogeleg livskvalitet. Målet er å vere i forkant av ulike utfordringar, bidra til eit meiningsfylt liv og få fram det som pasienten synes er viktig for seg. Internasjonalt blir prosessen og kommunikasjon rundt ein palliativ plan kalla Advance Care Planning (ACP).
Planen er felles for pasienten, pårørande og helsepersonell, og blir til gjennom dialog og førebuande samtalar (forhåndssamtale). Den skal følgje pasienten der han/ho er, om det er heime, på institusjon eller på sjukehus. Nokre har planen over fleire år, andre har den i ei kortare periode.
Presenterte resultat frå implementering av Palliativ plan på internasjonal konferanse for palliasjon
Resultata viser at Forhåndssamtaler og Palliativ plan i kommunane hjelper kreftpasientar i Møre og Romsdal å vere lenger i heimen og aukar talet pasientar som døyr heime.
Den nasjonale konferansen i Palliasjon går i desse dagar av stabelen i Molde med over 650 deltakarar frå heile landet. Fagpersonar i Møre og Romsdal er med å arrangere konferansen.