Om Volda sjukehus

Volda sjukehus ligg i Volda kommune på Søre Sunnmøre, 1,8 km frå Volda sentrum.

Volda sjukehus er eit hyggeleg og velfungerande lokalsjukehus for kommunane på Søre-Sunnmøre og dekker eit folketal på om lag 50 000, og har i tillegg til dette et visst tilsig frå nabofylket Sogn og Fjordane. Sjukehuset har delt ansvar med Helse Førde HF for fødande kvinner i Nordfjordregionen. Sjukehuset har om lag 500 tilsette og det er vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi, anestesi og radiologi. Radiologi har vaktsamarbeid med Ålesund på natt og i helger, vakta dekkast då via teleradiologi av vakthavande radiolog i Ålesund. I tillegg til dei nemde fagområda over, har sjukehuset også ein større DPS med både poliklinikk og sengepost. Det er og ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk tilknytt sjukehuset.

Volda kommune ligg på Søre Sunnmøre, heilt på grensa til Sogn og Fjordane, og i hjartet av Sunnmørsalpane. Det gjev stort utval av friluftslivsaktivitetar heile året for den som ynskjer det! Om vinteren kan du gå på ski nærast direkte frå inngangsdøra til fleire nære toppar og det ligg også to skitrekk, som begge har preparerte løyper både for alpine aktivitetar og vanleg langrenn, innanfor ein halv times kjøring frå sjukehuset. Om sommaren er tilgangen enda større, og berre ein kort kjøretur unna sentrum er turmoglegheitene uendelege heile året, uansett ønske og nivå. Det er eit aktivt klatremiljø i området og mellom anna ein nybygd klatrevegg som held Norgescupstandard i nabokommuna Ørsta. Molladalen, som er ein kjend klatredestinasjon, ligg i same kommune.  Det er og nærleik til sjø- og strandliv heilt ut mot havgapet, og det er mellom anna eit aktivt vindsurfemiljø i kommunen og også kort veg til kjende surfestadar som Stadt og Flø. Kjende fjordarmar som Hjørundfjorden og Geirangerfjorden ligg ein kort køyretur unna

Volda har eit stort studentmiljø med mykje aktivitet og engasjerer heile lokalsamfunnet. Det er eit rikt tilbod av festivalar og konsertar, med alt frå kammermusikk til store konsertnamn ved studenthuset Rokken. Kvart år er det studentfestivalen VEKA, Dei nynorske festspela, dokumentarfilmfestival, naturfestival med ekstremsportsarrangement, indiefestival, ekstremsportfestivalen X2 og mykje meir. 

Forutan sjukehuset, som er den største arbeidsplassen, er det eit stort høgskulemiljø i Volda, og det er også pendlaravstand til mellom anna maritim industri på ytre Søre-Sunnmøre. Flyplass finn du midt mellom Volda og nabokommuna Ørsta, ei lita mil frå sentrum. Herifrå er det fleire daglege avgangar til både Oslo og Bergen. Det er gode bussforbindelsar til Oslo og til dei større byane i fylket. 

Volda sjukehus kan skilte med følgjande spesialistutdanningar:



Sist oppdatert 14.05.2021