We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Illustrasjon: Bygger stein på stein

Koordinerande eining (KE)

Koordinerande eining har oversikt over rehabiliterings- og habiliteringstenestene i helseregionen og skal bidra til å sikre eit heilskapleg tilbod til pasientar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering

Kontakt oss

  • Koordinerande eining (KE) skal ha oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilboda i kommunane i Helse Møre og Romsdal​
    • Du finn kontaktinfo over under "Kontakt oss"
  • Ha generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstilboda i Midt-Noreg
  • Vere kontaktpunkt for samarbeid med kommunane
  • Legge til rette for brukarmedverknad
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og koordinator

 

Du som har behov for langvarige og koordinerande helsetenester har også rett til ein individuell plan. Den skal bidra til å koordinere kontakta mellom deg og helsetenesta, slik at du får effektiv hjelp til å bli frisk og/eller sjølvhjelpen.

Det finns fleire verktøy for individuell plan. Spør kva verktøy kommunen din bruker. Nokre verktøy er nettbaserte som du får tilgang til, medan andre har planane i eit fagsystem der du får ut eit dokument

Råd til å utvikle gode individuelle planar

Individuell plan = brukaren sin plan

Koordinator
Ein av tenesteytarane skal peikas ut som koordinator. Koordinator skal sørge for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient eller brukar. Koordinator skal også sikre samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med individuell plan.

Pasient og brukar sine ønske skal leggast vekt ved val av koordinator.

Ein skal gi tilbod om koordinator sjølv om pasient og brukar takker nei til individuell plan.

  • Koordinator i spesialisthelsetenesta
  • Følgje opp pasient og sikre samordning av tilbodet under institusjonsopphaldet.
  • Samhandle med tenesteytarar utanfor institusjonen
  • Sikre framdrift i arbeidet med individuell plan i samarbeid med koordinator i kommunen
  • Initiere samarbeidsmøter med kommunen eller andre som skal følgje opp etter utskriving

Vi skal sørge for faste kontaktpunkt for informasjon og samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, og bidra til felles kompetanseheving for å sikre at pasienten får best mogeleg kvalitet og kontinuitet i rehabiliteringsprosessen.  

To gongar i året har vi nettverkssamlingar for fagleg støtte og utvikling. Det er etablert eitt nettverk mellom kommunane på Sunnmøre og eitt nettverk mellom kommunane i Nordmøre og Romsdal.

Desse har rolla som koordinerande eining i kommunane

Handlingsplan for koordinerande einingar, individuell plan og koordinator inngår som innsatsområde i vedteken samhandlingsstrategi i Helse Møre og Romsdal frå 2016.

Målgruppa for handlingsplanen er leiarar og fagpersonell i helse- og omsorgstenesta og andre aktuelle tenesteområde i kommunane og helseføretaket i Møre og Romsdal.

Handlingsplan for koordinerande einingar, individuell plan og koordinator 2022 - 2024

Eldre handlingsplan koordinerande einingar, individuell plan og koordinator 2017 - 2019

Retningslinjer IP

Regional Koordinerande eining (RKE) sørgjer for å koordinere tenester til dei som treng det og formidlar informasjon om tilbod innan habilitering og rehabilitering i helseregionen. ​

Les meir om regional koordinerande eining (RKE) og regional vurderingseining (RVE) på Helse Nord-Trøndelag sine nettsider

Ressursside med lenker til e-læring, brosjyrar, filmar og anna nyttig materiale for idear og gjenbruk.

Sjå Idebanken for koordinerande eining her

Last updated 4/25/2024