Regional forskingskonferanse 2019

Meir og betre forsking er eit mål i Helse Midt-Norge. Korleis skal vi få til det? Bli med på konferansen og møt forskingsinteresserte frå heile Helse Midt-Norge.

atlanterhavsveien STOR.JPG

Konferansen skal stimulere og legge til rette for samarbeid i regionen innanfor forsking og innovasjon til beste for pasienten.

Tid og stad:  2. og 3. oktober 2019, Kristiansund
Arrangør: Helse Midt-Norge RHF
Vertskap: Helse Møre og Romsdal HF, FIUK-seksjonen
Påmelding: Gå til påmeldingsskjema     

På programmet

  • Camilla Stoltenberg

    Som direktør for Folkehelseinstituttet har ho god innsikt i kva som skal til for å lage ein organisasjonsstruktur som sikrar høg etisk standard. Stoltenberg spelte dessutan ei viktig rolle i avsløringa av ei av landets største saker om forskingsjuks.

  • Gerd Kvale og Bjarne Hansen

    Angst og tvangslidingar kan ta månader eller år å behandle. Gerd Kvale og Bjarne Hansen vist at det lar seg gjere på berre fire dagar. Bergen 4 Day Treatment (B4DT) brer seg verda rundt, og behandlingsteam er under opplæring over heile Noreg.

  • Giske Ursin

    Det meste av forskinga er ikkje banebrytande, men dannar eit viktig grunnlag for uventa og nokre gonger revolusjonerande funn, ifølge direktøren for Kreftregisteret. Ho trur vi må bli betre til å løfte blikket frå forskinga vi alltid har gjort.

  • Jan Brinchmann

    Nye behandlingsstrategiar med stamceller vil krevje at behandlarane har veldig høg kompetanse, ifølge stamcelleforskar Jan Brinchmann. Han oppmodar til nære forskingssamarbeid mellom praktiske utøvarar i helseføretaka og spesialiserte forskingsmiljø

  • Jesper Simonsen

    Forskingsrådet sin områdedirektør for samfunn og helse ønsker seg fleire forskingssenter for klinisk behandling, meir nasjonal konkurranse om helseforskingsmidlar og auka europeisk forskingssamarbeid.

  • Björn Gustafsson

    Som ein av de øvste sjefane for den medisinske forskinga i Helse Midt-Norge er Gustafsson oppeteken av korleis forskingsmidlane i regionen brukast best. Kva slags prioritering kan bidra til at helsesektoren får til omstillinga mot ei berekraftig framtid?

  • Lise Tarnow

    Å velge ut og vektlegge visse forskingstema kan skape større forskingsfelleskap i helseføretak, og stimulere til samarbeid og nytenking. Lise Tarnow har god erfaring med denne typen satsing i Danmark.

  • Dag Arne Lihaug Hoff og Tormod Thomsen

    Bør vi organisere forskinga vår annleis for å bli betre til å tenke større, tenke på tvers og samarbeide?

Onsdag 02.oktober  
11.00-12.30  Registrering og lunch
12.30-12.35  Velkommen
12.35-13.00  Opning 
13.00-13.45  The Bergen 4-day treatment: Gerd Kvale og Bjarne Hansen
13.45-14.00  Pause 
14.00-15.30  Potensialet i forskingskronene: Björn Gustafsson, Jesper Simonsen, Steinar Thoresen
15.30-16.00  Pause 
16.00-17.00  Presentasjon av abstract- to parallellsesjonar
17.00-17.15  Pause 
17.15-18.45  Forsking for framtida: Jan Brinchmann, Lise Tarnow, Tormod Thomsen, Dag Arne Lihaug Hoff
20.00            Middag 
   
   
Torsdag 03. oktober  
09.00-10.30  Nytteverdi, etikk og formidling av forsking: Giske Ursin, Camilla Stoltenberg, Eivind Lauritsen
10.30-10.45  Pause 
10.45-11.45  To parallellsesjonar: 1) presentasjon av abstract; 2) Samhandlingsforsking: på lag for betre helse,        
                     Wenche Pedersen Dehli og Stein Kaasa
11.45-12.00  Pause 
12.00-12.30  Brukarmedvirking i forsking: Einar Vedul-Kjelsås
12.30-12.45  Utdeling av Helse Midt Norge sin forskingspris for 2018 ved Brukarutvalet i HMN
12.45-12.50  Utdeling av pris for beste abstract
12.50-13.00  Avslutning     

Registrering og lunsj frå kl 11-12.30 (2.okt)
Konferansen vert avslutta kl 13, deretter felles lunsj til kl 14 (3. okt)

Stad: Kristiansund, Thon Hotel (rom reserveres når du melder deg på i skjema)

Påmelding og betaling

Du melder deg på ved å gå inn på denne lenka https://gtogether.qondor.com/ParticipantWeb/Registration/44815

Betaling skjer enten med kort eller faktura. NB: du må oppgi faktureringsadresse i påmeldingsskjema.
Deltakaravgift :
Deltaking heile konferansen frå 2-3. oktober kr 1000 før 1. mai. Ved påmelding etter 1. mai er prisen 1200 kr.

Reise

Både med bil og kollektivt er det lett å reise til Kristiansund.
BÅT:
https://www.atb.no/batruter/

BUSS
https://frammr.no/FRAM/FRAM-Ekspress

FLY
Det går direktefly mellom Kristiansund (Kvernberget) og Trondheim (Værnes)
Sjekk wideroe.no

BIL
her finner du hotellet

PARKERING
Ta kontakt med hotell for å bestille gratis parkering

Innsending av abstract

Alle som er/har vore involvert i forskingsprosjekt er invitert til å sende inn abstrakt til konferansen. Kravet er at prosjektet er:
• Finansiert av eitt eller fleire av helseføretaka i Helse Midt-Norge eller av Samarbeidsorganet
• eller at eitt/ fleire av helseføretaka i Helse Midt-Norge er samarbeidspartnar, eller på anna vis representert

Du finn mal til poster og abstrakt finn du her ,maks 250 ord . Frist for innsending av abstrakt er 15. mai 2019.
Mastergradsstudentar og ph.d.-kandidatar vert særleg oppfordra til å nytte dette høvet til å presentere arbeidet sitt.

Alle som sender inn abstrakt vil få moglegheit til å presentere forskinga si under konferansen, anten i form av ein munnleg presentasjon, eller som ein posterpresentasjon. Dei tre beste bidraga vil bli belønna med pengepremiar.

Innsending: Ved spørsmål eller for å registrere bidrag til konferansen send desse til:
Tor Åge Myklebust, FIUK-seksjonen, Helse Møre og Romsdal HF, tlf. 97 56 60 65,
e-post: tor.age.myklebust@helse-mr.no

Arrangementskomitè

Ønsker du å kome i kontakt med oss? Mailadresse er forsking@helse-mr.no

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.