Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus ligg i øvre bydel i sentrum av Kristiansund. (Foto: Per Kvalvik)

Kristiansund sjukehus er eit velfungerande lokalsjukehus for kommunane på Nordmøre og har eit nedslagsfelt på om lag 50 000 innbyggjarar. Det er om lag 640 tilsette ved sjukehuset, som har vaktfunksjon innan medisin, ortopedi, gynekologi, anestesi og pediatri. Det er stor urologisk aktivitet ved sjukehuset, men all anna blautkirurgi samarbeider vi med Molde sjukehus om og det er også der vaktfunksjonen for blautkirurgi for våre to sjukehus ligg. Radiologisk vakt dekkast av radiolog i Molde via teleradiologi. Det ortopediske miljøet ved sjukehuset er blant dei største i foretaket og driv mykje spennande forsking som kjem heile sjukehuset til gode. 

Sjukehuset ligg midt i sentrum, med gangavstand til det meste. Byen ligg flott til på svaberga ut mot havet og har eit rikt tilbod innan både kafear, restaurantar, uteliv og kultur. Byen har eige operahus med fleire årlege oppsettingar, og det er også fleire årlege festivalar. Byen har eit stort musikermiljø som held til i den nyetablerte Kulturfabrikken innerst i Vågen i sentrum av byen. 

Rundt oss er det flotte naturopplevingar som ventar uansett kva interessa skulle vere! Innerdalen er kanskje ein av Noregs flottaste dalar med uendelige moglegheiter for fotturar både høgt og lågt, og inngangen hit er berre ein kort kjøretur frå byen. Det same er Trollheimen med sine flotte fjelltoppar. Ut mot havet ligg fleire små øysamfunn som har eksistert i alle tider og er ei oppleving i seg sjølv. Den spektakulære Atlanterhavsvegen er nærast rett utanfor døra og vel verdt ein tur både i storm og nydeleg solnedgang. Ein kort fergetur lenger ut finn du øya Tustna, eit lite stykke Lofoten på Normøre med flotte alpine fjell og storhavet rett ut! Køyrer du ein times tid sørover finn du Romsdalsalpane med sine flotte fjell- og fjordopplevingar. Tingvoll kommune ligg like nord om Kirstiansund, og tek du turen hit finn du osteprodusenten Tingvollost som har vunne pris for verdas beste ost!

I tillegg til sjukehuset som arbeidsplass er det høgskule i byen, og det er kort avstand til maritim næring og anna industri. Byen har nært samarbeid med offshoreindustrien og er landingsplattform for oljeplattformar utanfor kysten vår.

Frå byen er det dagleg god bussforbindelse til dei andre byane i fylket og det går og hurtigbåt til Trondheim. Hurtigruta legg til i byen kvar dag. Like utanfor byen er det eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo, Trondheim og Bergen, samt nokre avgangar til utlandet.​

Kristiansund sykehus kan by på følgjande spesialistutdanningar:

Sist oppdatert 22.07.2019