Kjære alle saman
Det vart eit annleis år 2020, eit år vi ikkje har sett like av i moderne tid.
Pandemiar kjenner ingen grenser, vi har vore
heldige og har ikkje vorte hardast råka som nasjon, eller organisasjon. Vi kan
enno ei gong vere takksam for at vi bur i eit av verdas mest velordna samfunn.
Pandemien har vist nye vegar i forsking, ikkje minst må eg som forskingssjef understreka kor
viktig samarbeid er, gløym aldri det. Samarbeidet i 2020 har ført til ny
kunnskap om helse og medisin som samfunnet har kunna implementere parallelt med
utviklinga av pandemien. Tross eit utfordrande år har det likevel vore fem disputasar (sjå nederst på sida),
gjennomført ved ein digital transformasjon – og nettopp den innovative digitale
transformasjon har innovatørar hatt fokus på i 2020 – tydelege gevinstar har
HMR fått. At årsmeldinga vert digital er difor ikkje uventa. I 2020 har det
vore formidla og publisert meir enn nokon gong, og vi fekk etablert ein
straumlinja flyt for personvern i forsking. Mot slutten av 2020 vart Seksjon
for forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse organisert i to seksjonar,
slik kom Seksjon for forsking og innovasjon (SFI).
Forskingssjef Berit Kvalsvik
Teige gjennom 7 år gjekk over i ei ny rolle som leiar i eit
samhandlingsprosjekt (Covid19). Berit har i sine år som forskingssjef sett
tydelege spor, har løfta aktivitetane i føretaket, gjeve HMR ein basis ein kan
jobbe vidare med. Som ny forskingssjef har eg alt sett nytten av arbeidet, det
takkar vi henne for. Eg har tru på at vi saman skal ha eit fokus, gje forsking
og innovasjon ei tydlegare rolle i føretaket. Då kan alle dei motiverte
medarbeidarar i SFI og klinikkane kunne utvikle «helsetilbodet» forsking og
innovasjon til nytte for pasientar og organisasjon.
I annleisåret 2020 vart også Seksjon for
utdanning og kompetanse (UTDKOM) oppretta i HMR. Seksjonen har eit særskilt
ansvar for studiepoenggjevande utdanning og fagkompetanse, og har
fagbiblioteket og simulering som spesialområde.
Seksjonen har no teke over ansvaret for
praksisplasskoordinering etter helsefagleg sjef Marit Kjersem. Ein stor takk
for alt arbeidet ho har lagt ned, og dei gode samarbeida og nettverka ho har
delt med oss i UTDKOM når det gjeld både utdanning og kompetanse. Og nettopp
samarbeid er nøkkelen til suksess også på utdanningsfeltet. Til dømes har
tilsette i føretaket, med praksisveiledarane i front, jobba for gode vilkår og
læringsmoglegheiter blant studentane, og dermed vart få forsinka i
praksisstudiane grunna utfordringar knytt til pandemien. Ein stor takk til dykk
alle! Samarbeidet med universitet og høgskule har også vore godt i 2020, og med
samarbeidsvilje og fleksibilitet har ein i fellesskap løyst
pandemi-utfordringar ettersom dei har dukka opp.
2020 vart det store året for simulering i
føretaket, med ei sentral koordinering av aktiviteten med både dedikert
personell og simuleringsutstyr på kvart av sjukehusa. Dette gjer styrka moglegheiter
for å nytte simulering som eit kompetansehevande tiltak for tilsette og
studentar i føretaket, og slik styrke pasienttryggleiken.
Ein annan måte tryggleiken vart styrka på
var at intensivavdelingane i 2020 utarbeidde nye kompetanseplaner for sjukepleiarar
som fikk opplæring for å støtte respiratorbehandling, kunne stå bedside og
assistere intensivsjukepleiarar.
Nettopp det å sjå utdanning og
kompetanseheving som grunnleggande for god pasientbehandling er noko vi i
UTDKOM ser fram mot å jobbe vidare med i åra som kjem. Dette er kanskje den
første Utdanningsmeldinga for HMR, men det blir ikkje den siste.
- Dag Arne L. Hoff, Forskingssjef frå
1.november 2020 og
- Guro Berge, Utdanningssjef frå 1.november
2020